5.4. Opna ei adresse

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1840 $ 2007-02-07 KoSt

Dialogen Opna ei adresse gir deg høve til å laste ned eit bilete, dersom GIMP kjenner formatet, frå ei nettverksadresse (URI), frå ein bane på harddisken din eller frå andre datakjelder. Normalt vil utgangspunktet vere /home/<brukarnamn>/ på Linux og C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\Mine dokumenter\Mine bilder\ på Windows. Dette er utgangspunktet for relativ adressering. Du kan også skrive inn absolutte adresser.

[Tips] Tips

Dersom du er inne på ei internettside, kan du høgreklikke på eit bilete og velje “Kopier bildeadresse” i menyen som dukkar opp. Denne adressa kan du så lime inn i dialogen “Opna adresse” for å opna det i GIMP.

5.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilOpna adresse

5.4.2. Dialogvindauget

Figur 14.28. Dialogvindauget for “Opna adresse

Dialogvindauget for Opna adresse