5.5. Sist opna filer

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1840 $ 2007-02-07 KoSt

Klikkar du på Sist opna filer, vil det dukka opp ein undermeny med namn på dei bileta du har opna tidlegare i GIMP. Du opnar bileta ved å klikka på namnet. Du kan bestemma kor mange filer det maksimalt skal vere i lista ved å endra verdien for Storleik på menyen Sist opna filer på sida Grensesnitt i dialogen Innstillingar. Dersom du ikkje finn biletet ditt i lista, kan du opna dokumentloggen med fleire bilete ved å klikka på Dokumentlogg nedst i dialogvindauget.

5.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilSist opna filer

  • eller frå snarvegen Ctrl-O.