5.9. Lagra ein kopi

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-08 KoSt

Kommandoen Lagra ein kopi gjer det same som kommandoen Lagra, men med ein viktig skilnad: Du blir alltid bede om å skrive inn eit filnamn. Namnet på det aktive biletet blir ikkje forandra, og biletet blir heller ikkje merka som “reint”. Prøver du å viske ut biletet eller avslutte GIMP, får du spørsmål om å lagra biletet først.

Denne kommandoen er nyttig når du har behov for å lagra ein kopi av eit bilete før du held fram med å arbeida på originalen. Skulle alt gå gale, har du kopien å falla tilbake på.

5.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilLagra ein kopi. Det finst ingen tastesnarveg til denne.