5.8. Lagra som

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-08 KoSt

Kommandoen Lagra som opnar dialogen “Lagra biletet”. I utgangspunktet viser dialogen eit innskrivingsfelt for å gi fila eit namn, og ei nedtrekksliste med bokmerke for å velje ein stad å lagra biletet. Normalt blir filtypen bestemt ut frå utvidinga du skriv inn, t.d. .jpg for ei JPEG-fil. Du kan også opna for Vel filtype og plukke ein filtype frå lista. Det er lett å velje feil filtype, så ver litt forsiktig om du bruker denne metoden.

Dersom du ikkje finn den ønskte lagringsplassen i denne lista, kan du klikka for Bla etter andre mapper for å opna dialogen i full storleik. Du kan finna meir om utsjånaden og om korleis bruke bokmerke i avsnittet Filer.

Dersom du har lagra biletet tidlegare, og ikkje har behov for å gjere endringar i noen av innstillingane, kan du bruke kommandoen Lagra i staden.

5.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilLagra som

5.8.2. Den vanleg dialogen for “Lagra som

Det er to ulike utgåver av dialogvindauget for Lagra som. I den enkle forma kan du bare skrive inn filnamnet og velje mappa biletet skal lagrast i. Dersom mappa ikkje finst i lista, kan du skrive inn heile banen til fila, saman med filnamnet. Ønskjer du tilgang til heile harddisken, klikker du på Bla etter andre mapper for å opna filutforskaren. Endeleg kan du også bestemme filformatet ved å skrive ei høveleg filutviding som t.d. .xcf eller .png.

Figur 14.29. Normaldialogen “Lagra bilete

Normaldialogen Lagra bilete

5.8.3.

Figur 14.30. Dialogen “Lagra” med filutforskaren

Dialogen Lagra med filutforskaren

1

Det venstre panelet er delt i to. I den øvre delen finn du ei liste over hovudkatalogane og tilgjengelege lagringsmedia. Du kan ikkje gjere endringar i denne lista. Den nedre delen viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse etter behov. For å legge til eit bokmerke, vel du ein katalog eller ei fil i midtpanelet og trykker på knappen Legg til. Dersom maskinen din er sett opp slik, kan du også bruke Legg til bokmerke i menyen som kjem fram når du høgreklikkar. Du kan fjerne eit bokmerke ved å markera ønskt merke og trykke på knappen Fjern.

2

Det midtre panelet viser kva filer som finst i den valde katalogen. Her kan du dobbeltklikka på eit katalognamn for å bytte katalog. Du vel ut ei fil ved å klikka på filnamnet ein gong og deretter trykke på knappen Lagra, eller enklare, ved å dobbeltklikka på filnamnet.

Du kan høgrekklikka i midtpanelet for å få fram dialogvindauget Vis skjulte filer.

3

Det markerte biletet blir vist i vindauget Førehandsvis dersom det kan opnast i GIMP. Like under miniatyren finn du data om filstorleik, oppløysing og oppsettet elles.

Dersom biletet er endra av eit anna program, kan du klikka på vindauget Førehandsvis for å oppdatera det.

4
[Notat] Notat

Dersom biletet er lagra tidlegare, vil GIMP føreslå å bruke same filnamnet. Dersom du trykker på Lagra, vil den gamle fila bli overskriven med det nye biletet.

5

Denne nedtrekkslista er bare tilgjengeleg frå normalforma av dialogen. Lista gir eit oversyn over bokmerke du kan velje mellom for å lagre biletet ditt.

7

Banen for den opna fila blir vist over det midtre panelet. Du kan klikka på knappane for å navigera deg fram i katalogane.

8

Dersom du ikkje finn noen høveleg katalog å lagra biletet i, kan du kreere ein ny ved å klikke på knappen Lag mappe og følgje instruksjonane som kjem fram.

9

Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype.

6

Den vesle knappen Vel filtype er normalt sett til Etter filtype. Dette betyr at filtypen blir bestemt ut frå kva “etternamn” du gir fila, for eksempel “.jpg” for JPEG-formatet.

[Notat] Notat

For å behalda dei fleste komponentane i biletet ditt, — lag, kanalar osv. — bruk ".xcf" formatet som er GIMP sitt eige biletformat.