7.5. Gjer flytande

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-12 KoSt

Kommandoen Gjer flytande omformar ei normal markering til ei “flytande markering”. Du kan finne meir om flytande markeringar i ordlista.

I tidlegare versjonar av GIMP blei flytande markeringar brukte for å gjere operasjonar på ein avgrensa del av biletet. Nå kan dette gjerast enklare ved hjelp av lag, men metoden kan likevel vere aktuell av og til. I tillegg til kommandoen Gjer flytande, kan du også opprette ei flytande markering ved å bruke verktøyet “Flytt”. Dette verktøyet lagar automatisk ei flytande markering når det blir brukt. Endeleg kan du lage eit flytande lag ved å bruke kommandoane i menyen Lag.

Sidan du ikkje kan arbeida på andre lag så lenge du har ei flytande markering i biletet, må du forankra markeringa så snart du er ferdig med arbeidet på markeringa. Dette gjer du ved å feste ho til eit normalt (ikkje flytande) lag. Som oftast vil dette vere det laget du arbeidde på då du laga den flytande markeringa. Den enklaste måten å gjere dette på, er å klikke ein eller annan stad på biletet utanfor markeringa. Du kan også bruke kommandoen . Endeleg kan du omgjere markeringa til eit nytt lag med kommandoen Nytt lag i lagmenyen.

[Tips] Tips

Dersom du har aktivert Vis laggrenser i Vis-menyen, kan det vere vanskeleg å velje ut nøyaktig det området du ønsjer. Ein måte å omgå dette på, er å lage ei rektangulær markering rundt det ønskte området og omforme dette til eit nytt lag og deretter fjerne originallaget.

7.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via MarkerGjer flytande

  • eller med snarvegen ShiftCtrlL