5.3. Fargeleggingsverktøyet

Fargeleggingsverktøyet omformar det aktive laget eller den aktive markeringa slik at det ser ut som eit svart/kvitt-bilete sett gjennom farga glas. Biletet blir omdanna til gråtoner og deretter farga med ønskt farge. Minner om den såkalla “Sephiaeffekten”. Innstillingane følgjer HSV-fargemodellen

5.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyFargelegg.

5.3.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.67. Dialogvindauget for fargeleggingsverktøyet

Dialogvindauget for fargeleggingsverktøyet

Fargeinnstillingar
  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje kuløren frå HSV-fargesirkelen (0 - 360). Normalinnstillinga er sett til 180.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje metning på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 50.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje lysverdi på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 0.

Førehandsvising

Dersom denne er avmerka, kan du sjå endringane direkte på biletet.