4.3. Beskjer/Endre storleik

Figur 12.48. Symbolet for “beskjer/endre storleik” i verktøyskrinet

Symbolet for beskjer/endre storleik i verktøyskrinet

Dette verktøyet blir først og fremst brukt for å beskjere biletet, dvs. å skjere vekk meir eller mindre av biletkantane for å framheva motivet eller gi betre balanse i biletet. Det kan også vere nyttig når du har behov for eit bestemt format for å tilpassa biletet til eit eksisterande bilete.

Verktøyet blir brukt ved at du klikkar i biletet og drar ut eit rektangel før du slepp museknappen. Samstundes kjem det opp eit dialogvindauge som viser dimensjonane for beskjeringsområdet. Du kan også styre ein del av argumenta for beskjeringa frå dette vindauget. Dersom du ikkje treff nøyaktig med klikk-og-dra, kan du justere dette ved å dra i hjørna på rektangelet, eller ved å skrive inn data i dialogvindauget. Når utklipsområdet er slik du vil ha det, kan du klikke innføre området eller på ein av knappane Beskjer eller Endre storleik. Sjå nedanfor kva som er skilnaden.

[Tips] Tips

Dersom dialogvindauget er meir i vegen enn til hjelp, kan du fjerne det ved å halde nede Shift-tasten når du klikka første gong på biletet. Du kan i tilfelle bare forandra på beskjeringsområdet med klikk-og-dra og bekrefta handlinga ved å klikke innføre biletet.

4.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyBeskjer og endre storleik

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet.

[Tips] Tips

Ein annan, og raskare måte å beskjere markeringar er ved hjelp av funksjonen BileteBeskjer biletet i biletmenyen.

4.3.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Snarvegar

Tastekombinasjonen Shift + C vil endre det aktive verktøyet til beskjeringsverktøyet.

Ctrl

Hald nede Ctrl for å bytte mellom “beskjering” og “endre storleik”.

Shift

Hald nede Shift-tasten for å arbeida med uendra proporsjonar, dvs. forholdet mellom sidene.

Alt

Hald nede Alt-tasten for å få lov til å forstørre.

4.3.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.49. Innstillingane for verktøyet “beskjer og endre storleik

Innstillingane for verktøyet beskjer og endre storleik

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.

Verktøymodus

Dette verktøyet har to modus: beskjer og endre storleik.

Til vanleg opererer dette verktøyet i beskjeringsmodus. Når eit bilete eller eit lag blir beskore, vil alt som ligg utanfor beskjeringsområdet bli fjerna. Sjølve beskjeringsområdet blir bestemt anten med klikk-og-dra eller ved å skrive nødvendige data i dialogvindauget. Det er også råd å bestemma dette området ut frå ei eksisterande markering ved å bruke knappen Autokrymp. Alle desse vala er tilgjengelege frå informasjonsvindauget som dukkar opp når du klikkar på biletet med dette verktøyet.

Dersom du beskjerer eit bilete, ikkje bare eit lag, vil Endre storleik forandre forma på biletet utan å forandre laga som måtte vere der. Dette kan føre til at deler av biletlaga kjem utanfor biletet, og er difor usynlege til du flytter på laget. Ved beskjering av biletlag, gjer Endre storleik det same som Beskjer.

[Notat] Notat

Du kan bytte til modus for å endre storleik på to måtar: ved å bruke knappen Endre storleik eller ved å halde nede Ctrl-tasten medan du klikkar innføre beskjeringsområdet.

Bare dette laget

Gjer at verktøyet verkar bare på det aktive laget.

Tillat forstørring

Dette betyr at ein eller fleire kantar av beskjeringsområdet kan gå utanfor kanten for biletet eller laget.

Uendra proporsjonar

Gjer at beskjeringa held seg til eit fast forhold mellom breidde og høgde. Du kan skrive inn dette forholdet i dialogvindauget.

Informasjon om beskjering og forandring av storleik

Figur 12.50. Dialogvindauget for “beskjering/forandre storleik

Dialogvindauget for beskjering/forandre storleik


Startpunkt

Startpunktet blir bestemt med koordinata skrivne inn i rutene Venstre og Topp. Utgangspunktet for verdiane er alltid det øvre, venstre hjørne som har koordinata (0,0).

Breidde/Høgde

Her bestemmer du breidda og høgda for beskjeringsområdet. Som for startpunktet, kan du også velje måleeining.

Breidde- og høgdeforhold

Her kan du skrive inn eit fast tal for forholdet mellom sidene i beskjeringsområdet.

Frå markering

Trykk på denne knappen for å la beskjeringsområdet omfatte alle markeringane i biletet. Dersom det ikkje er markeringar i biletet, vil veskjeringsområdet omfatte heile biletet.

Autokrymp

Denne funksjonen prøver å finne kantar i biletet som kan brukast som utgangspunkt for beskjeringa. Dette valet verkar best når objektet skil seg skarpt ut frå bakgrunnen.