3.12. Avskygging/Etterbelysning

Figur 12.40. Symbolet for “Avskygging/Etterbelysning” i verktøyskrinet

Symbolet for Avskygging/Etterbelysning i verktøyskrinet

Verktøyet for avskygging eller etterbelysning bruker aktiv pensel for å gjere fargane i biletet lysare eller mørkare avhengig av modusinnstillinga. Opphavet til denne funksjonen finn vi i mørkerommet, der fotografen kunne gjere fargane i enkelte område lysare ved å skygga for lyset frå forstørringsapparatet, eller gjere fargane mørkare ved å gi ein ekstra dose med lys, dvs “etterbelyse” biletet der dette måtte vere nødvendig. (Bm.: “Blek/Brenn”).

3.12.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyAvskygg/Etterbelys,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen Shift + D.

3.12.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Snarvegar

Tastekombinasjonen Shift + D endrar det aktive verktøyet til verktøyet “Avskygging/Etterbelys”.

Ctrl

Ctrl skifter mellom vald modus (avskygging eller etterbelysning). Skiftet er aktivt så lenge du held tasten nede.

Shift

Shift gjer at verktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.12.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.41. Innstillingane for verktøyet “Avskygg/etterbelys

Innstillingane for verktøyet Avskygg/etterbelys

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøyskrinet

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning, hard kant
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Type

Innstillinga “type” bestemmer kva som skal vere standardmodus. Verktøyet vil skifte til den modus som ikkje er vald når du held nede Ctrl-tasten.

Avskygging gjer fargane lysare.

Etterbelys gjer fargane mørkare.

Modus

Her bestemmer du kva fargetype verktøyet skal verke sterkast på. Du kan velje mellom

  • Skyggar avgrensar verknaden til å gjelde mørke fargepunkt.

  • Mellomtoner avgrensar verknaden til å gjelde fargepunkt i mellomskiktet.

  • Lyse toner avgrensar verknaden til å gjelde lyse fargepunkt.

Eksponering

Definerar kor sterk verknaden skal vere på biletet, som på eit meir eller mindre eksponert bilete. Normalinnstillinga er 50, men kan varierast frå 0 til 100. Dess høgare verdi dess sterkare verknad.