3.11. Konturverktøyet (Slør/Skjerp)

Figur 12.38. Symbolet for “konturverktøyet” i verktøyskrinet

Symbolet for konturverktøyet i verktøyskrinet

Konturverktøyet nyttar den aktive penselen for anten å sløre eller å skjerpe deler av biletet. Sløreeffekten kan vere nyttig dersom du vil tone ned enkeltelement i biletet. Strykretninga har ingen effekt på dette verktøyet. Skulle du ha behov for å markere strykretninga, bruker du utsmøringsverktøyet. Dersom du ønskjer å sløre heile biletet, kan dette gjerast enklare med eit av slørefiltra.

Konturverktøyet kan gjere eit bilete skarpare ved å auka kontrasten. Denne forma for skjerping har lett for å laga støy i biletet, så i mange tilfelle vil forbetringsfiltra, særleg filteret med det tilsynelatande sjølvmotseiande namnet uskarpmaske, gjere ein betre jobb.

[Tips] Tips

Det er råd å lage eit betre verktøy for å skjerpe bilete ved å gå vegen om kloneverktøyet. Lag ein kopi av laget du arbeider på og køyr eit skjerpfilter, t.d. uskarpmaska, på kopien. Deretter aktiverer du kloneverktøyet med “Hent klone frå” sett til “Direkte”. Sett dekkevne til ein liten verdi, t.d. 10. Ctrl-klikk på kopien for å gjere denne til kjelde for kloninga, og teikn på det originale laget med kloneverktøyet

Begge konturtypane arbeider suksessivt, dvs. at effekten aukar dess fleire gonger du stryk penselen over eit område. Kor mykje biletet skal slørast eller skjerpast for kvart strøk, blir bestemt av kontrollen som set graden. Kontrollen for dekkevne bestemmer kor mykje eit bilete maksimalt kan bli tilsløra, same kor mange gonger du stryk over det.

3.11.1. Aktivering av verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyKonturverktøyet,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen V.

3.11.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

  • Ctrl: Denne tasten bytter mellom slørmodus og skjerpmodus. Tasten reverserer innstillingane i verktøyinnstillingane.

3.11.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.39. Innstillingane for “konturverktøyet

Innstillingane for konturverktøyet

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning, harde kantar
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Konturtype

I slør-modus blir kvar piksel som blir rørt av penselen blanda med dei nærliggande pikslane og gir såleis ei overvekt av nokså like pikslar i penselstrøket. Dette gjer at overgangen mellom fargane blir viska ut, men kan også føre til at overgangen blir mørkare.

I skjerp-modus blir kvar piksel litt meir ulik nabopikslane for kvart strøk. Kontrasten aukar. Held du på for lenge, kan resultatet bli uventa stygt.

Same kva innstilling du vel, kan du bytte rundt på valet ved hjelp av Ctrl-tasten.

Grad

Denne glidebrytaren bestemmer graden av vald effekt, dvs. kor mange strøk som må til for å få maksimum effekt. Ein verdi på 0 gjer at verktøyet har ingen effekt, medan ein cerdi på 100 gir stor effekt.