3.7. Viskeleret

Figur 12.29. Symbolet for “viskeleret” i verktøyskrinet

Symbolet for viskeleret i verktøyskrinet

Viskeleret blir brukt for å fjerne farge frå det aktive laget, markeringa eller bilete. Dersom viskeleret blir brukt på noe som ikkje er gjennomsiktig, slik som ein kanal, ei lagmaske eller eit bakgrunnslag utan alfakanal, vil viskeleret bruke bakgrunnsfargen som er vist i fargeområdet i verktøyvindauget. Elles vil viskeleret lage det området du viskar på heilt eller delvis transparent, avhengig av innstillingane for viskeleret. Korleis du kan legge inn alfakanal i ein kanal eller eit lag er omtalt i Seksjon 10.40, “ Legg til alfakanal.

Dersom du har behov for å fjerna ei gruppe biletpunkt fullstendig, markerer du for “Hard kant” i avkryssingsboksen. Dersom denne ikkje er avkryssa, vil viskeleret lage gradvise overgangar, sjølv om du har teikna med hardkanta teikneverktøy.

[Tips] Tips

Dersom du bruker teiknebrett, kan det vere fornuftig å stille inn den eine enden av teiknenåla som viskelêr. Dette får du til ved å klikke enden av nåla inn i viskelêret i verktøyskrinet. Fordi kvar ende av nåla blir oppfatta som ulike verktøy, og såleis får tillagt eige teikneverktøy, vil denne innstillinga vare heilt til du vel eit anna verktøy for den bakre enden av nåla.

3.7.1. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyViskeler,

  • ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet

  • eller med tastesnarvegen Shift + E.

3.7.2. Tastekombinasjonar (Normalinnstillinga)

Sjå oversynet over Teikneverktøya for omtale av dei modustastane som er felles for alle teikneverktøya.

  • Ctrl: Gjer viskeleret om til ein fargehentar. I motsetnad til dei andre verktøya, hentar viskelêret bakgrunnsfarge i staden for forgrunnsfarge. Når du viskar på område som ikkje er gjennomsiktige, vil originalfargen bli erstatta med bakgrunnsfargen. Dette er til vanleg det mest fornuftige.

  • Alt: Denne tasten set viskeleret i “visk inn”-modus. Dette finn du forklart nedanfor. Dersom Alt-tasten ikkje verkar på maskinen din, prøv Shift + Alt i staden.

3.7.3. Verktøyinnstillingar

Figur 12.30. Innstillingane for verktøyet “viskeler

Innstillingane for verktøyet viskeler

Dekkevne

Dersom du for dette verktøyet erstattar ordet “dekkevne” med “viskestyrken”, vil denne innstillinga kanskje vere lettare å forstå. Dess større dekkevne, dess kraftigare viskar viskelêret.

Pensel, trykkfølsemd, uttoning, auhande, hard kant
[Notat] Notat

Sjå nærare omtale i avsnittet felles eigenskapar for teikneverktøya.

Visk inn

Det motsette av å viske ut må vel vere å viske inn. Viskeleret vil “av-viske” eit område på biletet dersom dette valet er markert. Du kan sjå på “visk inn” som ein variant av å “angre” utviskinga. Funksjonen kan bare brukast på lag med alfakanal. Du kan også aktivera denne funksjonen ved å halde nede Alt-tasten, eller Shift + Alt på noen maskiner.

[Notat] Notat

For å forstå korleis “innvisking” er mogleg, bør du hugse på at utvisking bare påverkar alfakanalen, ikkje RGB-kanalen som inneheld biletdata. Så sjølv om resultatet av utviskinga er fullstendig gjennomsiktig, er RGB-dataane der, dei er bare usynlege. “Visk inn” aukar alfaverdien slik at dei underliggande data blir synlege igjen.

Eit irriterande fenomen: Dersom du visker inn på eit lag med gjennomsiktig bakgrunn, vil viskeleret teikne med svart på område som ikkje er teikna på frå før.