3.4. Teikneverktøya (blyant, malepensel, sprøytepistol)

Figur 12.22. Eksempel på penselstrøk

Eksempel på penselstrøk

Tre strøk teikna med den same runde, diffuse penselen vist oppe til venstre. Frå venstre: blyant, malepensel og sprøytepistol.


Verktøya i denne gruppa er dei grunnleggande teikneverktøya i GIMP. Mange av eigenskapane til desse verktøya er felles, og blir behandla i dette kapitlet. Eigenskapar som er felles for alle teikneverktøya er omtalte i kapitlet felles eigenskapar. Innstillingar som er spesifikke for eit bestemt verktøy, er omtalte i beskrivinga av verktøyet.

Det råaste verktøyet i denne gruppa er blyanten. Han teiknar ein hard strek med skarpt skilje mellom farga og ufarga område. Malepenselen er noe meir diffus i strøket, og er den mest brukte av desse tre. Sprøytepistolen er den einaste av desse der fargemengda er avhengig av kor fort du stryk penselen. Dette er gjer at han kanskje den av dei tre som er vanskelegast å bruka.

Alle desse verktøya deler dei same penslane og måtane å velje farge på. Alle kan henta farge anten frå ein palett, eit fargekart, eller frå ein fargeovergang. Alle kan dessutan nyttast i mange ulike modus.

3.4.1. Modustastane

Ctrl

Held du nede denne tasten, blir verktøyet omdanna til ein fargehentar slik at du kan henta forgrunnsfarge, den som blir vist i verktøyskrinet, ved å klikka på eit biletpunkt.

3.4.2. Verktøyinnstillingar

Modus

Denne nedtrekkslista inneheld eit utval av metodar for fargeblanding. Lista er aktiv bare for desse verktøya, i tillegg til fyllepennen og kloneverktøyet. Du kan finna ei liste over tilgjengelege modus i Seksjon 2, “ Lagmodus. Stort sett er dette dei same modus som blir nytta for å kombinera ulike lag, men tre av dei er spesielle for desse tre verktøya:

Slett farge.  Med denne innstillinga kan du gjere fargane meir eller mindre gjennomsiktige. Det verkar på same måten som filteret farge til alfa. Dersom laget du arbeider på ikkje støtter alfakanalen, vil modus slett farge vere det same som normalmodus.

Bak.  Gjer at fargen bare blir synleg i gjennomsiktige område av laget. Dess meir gjennomsiktig området er, dess mørkare blir fargen. Teiknar du på eit heilt gjennomsiktig område, vil resultatet bli identisk med slik det blir i normalmodus. (Gjeld sjølvsagt bare dersom laget inneheld alfakanal).

Figur 12.23. Eksempel på oppløys-modus

Eksempel på oppløys-modus

Teikning med sprøytepistol. Til venstre i normalmodus, til høgre i oppløysmodus.


Oppløys.  Gjer at dei diffuse områda i penselstrøket i staden for å bestemma mengda av farge, bestemmer om det skal vere farge eller ikkje farge. Dette er eit svært brukbart modus som kan gi fine effektar.

Fargeovergang

Figur 12.24. Innstillingane for fargeovergangar i teikneverktøya

Innstillingane for fargeovergangar i teikneverktøya

I staden for å nytte forgrunnsfargen, slik han kjem fram i fargeområdet i verktøyvindauget, kan du bruke farge frå ein fargeovergang. Dette gir fargar som vekslar gradvis langs penselstrøket. Sjå meir om dette i kapitlet om fargeovergangar.

Du kan velje mellom fleire ulike måtar å bruke fargeovergangane på:

Fargeovergang.  Viser den aktive fargeovergangen. Klikkar du på denne, får du opp ein overgangsveljar der du kan hente andre overgangar.

Reversér.  Normalt blir fargane henta i fargeovergangen frå venstre mot høgre. Dersom dette valet er markert, vil fargane bli henta frå venstre mot høgre.

Lengde.  Her kan du bestemme kor lang ein fargeovergang skal vere i biletet. Den vanlege måleeininga er pikslar, men du kan endre dette i nedtrekkslista.

Tabell 12.1. Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: “Abstract 2”.

Fargeovergang “Abstract 2

Ingen

Sagtann

Triangulær


Gjenta.  Her kan du bestemma kva som skal skje dersom penselstrøket går utover den lengda som er bestemt ovanfor. Du kan velje mellom: Ingen, som gjer at fargen på slutten av fargeovergangen blir brukt på resten av strøket. Overgang “abc” gir “abccccc...”. Sagtann, som gjer at fargeovergangen blir gjentatt frå starten av. Dette kan gi hopp i fargane. Overgang “abc” gir “abcabc...”. Triangulær bølge, som betyr at fargen vil bli gjentatt i revers, deretter frå start igjen osv. annakvar gong. Overgang “abc” gir “abccbaabcc...”.