Tekstverktøyet blir brukt til å setje tekst inn i biletet. Når du klikker på eit bilete med dette verktøyet, kjem det fram ein liten og enkel tekstbehandlar som du bruker for å skrive inn teksten. Denne teksten blir lagt inn i eit eige tekstlag. Du bestemmer skrifttype, farge o.l. i dialogen innstillingar, som du normalt finn like under verktøyskrinet.
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ ,ved å klikka på symbolet i verktøyskrinet
eller med tastatursnarvegen T
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøyskrinet.
I GIMP kan du velje skrifttype på to måtar, anten frå skriftveljaren som høyrer til verktøyet, eller frå dialogen skrifttypar som kjem fram når du klikkar på → i biletmenyen. Begge metodane vel frå dei skrifttypane som er installerte i datamaskinen og tilgjengelege for GIMP. Skrifttypen du vel blir lagt til interaktivt i teksten din.
Notat | |
---|---|
Du kan få fram spesialteikn på same måten som i andre tekstbehandlingsprogram: AltGr + tast i Linux, Alt + tal skrivne på taltastaturet i Windows. |
Her bestemmer du kor stor skrifttypen skal visast, i den måleeininga du ønskjer.
“Hinting” er ein måte å forbetra skriftbiletet på. Hintinga forbetrar omrisset til skriftteikna. Særleg ved små skrifttypar vil dette gjere teikna tydelegare og dermed lettare å lese. GIMP hentar informasjonen for hintinga frå skrifttypen.
Dersom det ikkje finst informasjonar om hintinga i skrifttypen, vil GIMP prøve å rekne ut nødvendige data for hintinga sjølv.
Når denne er aktivisert, vil teksten bli teikna med meir avrunda og diffuse kantar. Dette vil normalt forbetra det visuelle inntrykket av teksten. Unntaket kan vere dersom biletet ikkje er i RGB-format.
Skriftfargen er normalt sett til svart, men du kan velje andre fargar ved å trykke på denne fargeruta for å få opp fargeveljaren.
Tips | |
---|---|
Du kan også klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøyskrinet over i boksen for tekstfarge. |
Trykk på desse knappane for å bestemme om teksten skal vere venstrejustert, høgrejustert, midtstilt eller blokkjustert (med rette margar).
Bestemmer kor langt frå margen den første linja skal begynne.
Her bestemmer du linjeavstanden. Innstillinga er interaktiv, dvs. resultatet blir synleg i teksten etter kvart som du forandrar innstillinga. Tala her er ikkje sjølve linjeavstanden, men kor mange pikslar du vil auke eller minske linjeavstanden med. Talet kan såleis også vere negativt.
Trykk på denne knappen for å gjere teksten om til ein bane. Kvart teikn i teksten blir omslutta av ein banekomponent. Du kan såleis forandre utsjånaden til bokstavane ved å flytte på kontrollpunkta for banen.
Dette dialogvindauget opnar seg når du klikkar på eit bilete med tekstverktøyet. Tekstbehandlaren er nokså enkel, men gjer stort sett nytta. Det er ikkje automatisk linjeskift, så du må setje inn dette sjølv med Enter-tasten.
Teksten du skriv inn er interaktiv på biletet. Dette betyr at han dukkar opp på biletet etter kvart som du skriv noe. Dersom der er merka av for
i -menyen, vil omrisset for tekstlaget vere synleg. Tekstlaga oppfører seg likevel litt annleis enn vanlege lag. Dette vil du sjå om du prøver å flytte på teksten med flytteverktøyet. Du må treffe sjølve teksten med peikaren, ikkje bare innføre ramma.Du kan korrigera ein tidlegare innskriven tekst med tekstbehandlaren og også forandra skrifttype.
Treff ikkje teksten akkurat der du ønskjer, kan du flytte på han ved hjelp av flytteverktøyet. Hugs bare på at du må treffe sjølve teksten med musepeikaren. Samstundes forsvinn tekstbehandlaren, men den kan du få inn igjen. Sjå nedanfor.
Så snart du byrjar å skrive, blir det oppretta eit tekstlag i lagdialogen. Dersom du seinare ønskjer å forandra denne teksten, aktiverer du tekstlaget og få fram tekstbehandlaren ved å klikke på laget, eller dobbeltklikke dersom systemet er sett opp slik.
For å legge til ein ny tekst klikker du med tekstverktøyet på eit ikkje-tekstlag. For å skifte frå ein tekst til ein annan, aktiviserer du det ønskte tekstlaget i lagdialogen og eventuelt aktiviserer tekstbehandlaren ved å (dobbelt)klikke på laget.
Dette gjer du enkelt ved å klikke på mappesymbolet i tekstbehandlaren.
Dette gjer du enkelt ved å klikke på
i menylinja i tekstbehandlaren.Dette er knappen merka “VTH” i menylinja. (Venstre Til Høgre). Gjer at teksten blir skriven frå venstre mot høgre, slik som i dei fleste vestlege språka.
Dette er knappen merka “HTV” i menylinja. (Høgre Til Venstre). Gjer at teksten blir skriven frå høgre mot venstre, slik som i mange orientalske språk. (Skrifta øvst på knappen er arabisk).
Notat | |
---|---|
Sjå også avsnittet Tekst og skrift. |