6.4. Måleverktøyet

Figur 12.86. Symbolet for måleverktøyet i verktøyskrinet

Symbolet for måleverktøyet i verktøyskrinet

Dette verktøyet blir brukt når du har behov for å finne pikselavstandar på biletet ditt. Dersom du held nede venstre museknappen og deretter flytter markøren, kan du lesa av avstand og vinkel mellom der du klikka og der peikaren er nå. Informasjonen blir vist på statuslinja nedst i biletvindauget, eller i informasjonsvindauget.

Når du har sleppt opp museknappen, kan du føre peikaren over eit av endepunkta og deretter halde nede knappen for å flytte punktet til ein ny posisjon og ta nye målingar. Markøren viser “flytt”-symbolet når det er over endepunktet.

6.4.1. Statuslinja

Informasjonane blir viste på statuslinja, nedst i biletvindauget. Det første talet viser avstanden mellom utgangspunktet og musepeikaren. Som oftast blir denne målt i pikslar. Det neste talet viser vinkelen i kvar kvadrant frå 0° til 90°.

6.4.2. Aktivering

  • Du kan få fram dette verktøyet ved å gå inn i biletmenyen på VerktøyMål

  • eller frå verktøyskrinet ved å klikke på symbolet

6.4.3. Tastekombinasjonar (Standardinnstilling)

Normalinnstillingane

Ved å halde nede Ctrl-tasten medan du utførar målingane, blir verktøyet avgrensa til å måle rette linjer i vinklar på multiplar av 15º.

Hald nede Shift-tasten når du ønskjer å byrje ei ny måling frå der musepeikaren er nå, utan å fjerne den føregåande målinga. Kan vere nyttig for å måle vinklar. Musepeikaren blir utstyrt med eit “+”-symbol.

Dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei horisontal hjelpelinje gjennom klikkpunktet.

Dersom du held nede Alt-tasten medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei vertikal hjelpelinje gjennom klikkpunktet.

Held du nede tastekombinasjonen Ctrl-Alt medan du klikkar på eit endepunkt, vil det bli sett inn ei horisontal og ei vertikal hjelpelinje gjennom klikkpunktet.

Du kan flytte heile målinga ved å halde nede tastekombinasjonen Ctrl-Alt.

6.4.4. Verktøyinnstillingar

Figur 12.87.


Oversyn

Du får fram den eine innstillinga for dette verktøyet ved å klikka, i noen tilfelle dobbeltklikka, på symbolet i verktøyskrinet.

Å bruke infovindauget

Dersom denne er aktivisert, vil detaljane om målinga bli vist i eit eige infovindauge i tillegg til på statuslinja nedst i biletvindauget.

6.4.5. Å måle flater

Det er ikkje råd å måle flater direkte med dette verktøyet. I staden kan du prøve verktøyet histogram, som mellom anna viser kor mange pikslar det er i markeringa.