4.5. Å finne biletinformasjon

Figur 3.24. Eksempelbilete

Eksempelbilete

Ein av måtane å skaffa seg informasjonar om biletstorleiken er å bruke menyen VisInfovindauge... frå biletmenyen. Denne gongen har eg brukt biletet [APOD06] frå APOD. Biletet er svært stort. Dialogen nedanfor viser at det er heile 2241 × 1548 pikslar.

Figur 3.25. Dialogvindauget med biletinformasjonar

Dialogvindauget med biletinformasjonar

Dersom du ikkje har andre ønskje enn å lage eit kvadrat av eit rektangel, treng du bare opne dialogen og finne fram til den minste lengda og bruke denne som omtalt i Seksjon 4.4, “ Beskjer biletet.

Det kan vere greitt å vise biletet på skjermen i same storleik og format som eit foto. Det ser ut til at foto på Internett er tenkt å bli omlag 10 × 15 cm ( ca. 4 × 6 tommar) når dei blir skalerte til 288 × 432 pikslar med 72 dpi oppløysing for dei fleste skjermane. Vil du heller ha 6 × 9 cm, blir formatet ca. 170 × 255 pikslar. Dersom du har eit sterkt ønskje om å halde deg til desse formata, er det slett ikkje alltid originalane held seg til same forholdet mellom breidde og høgde. Biletet mitt er 10 pikslar for høgt. Eg valde difor å skjere bort 10 pikslar frå ønvre kanten. Dermed gjekk det bra. Resultatet skal førestelle å vere 6 × 4 tommar.