4.4. Beskjer biletet

Figur 3.21. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Det kan vere mange grunnar for å beskjere eit bilete. Kanskje ønskjer du å lage eit rektangel kvadratisk, eller omvendt, eller du føler for å fjerne ein ubrukbar bakgrunn for å markera hovudmotivet betre. Du hentar fram beskjeringsverktøyet ved anten å klikke på symbolet i verktøyskrinet (den enklaste måten), eller høgreklikka på biletet og følgje menyen VerktøyTransformasjonsverktøyaBeskjer og endre storleik. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikke på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede. Denne gongen har eg vald biletet [APOD05].

Figur 3.22. Marker områet for beskjeringa

Marker områet for beskjeringa

Eg har som vane å klikke der eg reknar med at det øvre, venstre hjørne vil vere, og drar rektangelet nedover mot det høgre hjørnet. Du treng ikkje vere særleg nøyaktig i denne omgangen, for det dukkar opp eit dialogvindauge der du kan fininnstilla verktøyet.

Figur 3.23. Dialogvindauget for beskjeringa

Dialogvindauget for beskjeringa

Når du slepp opp museknappen, dukkar dialogvindauget “beskjer og endre storleik” opp. Her finn du informasjon om ramma du laga ved å klikke og dra. Du kan skrive inn andre tal her, og flytte ramma nøyaktig på næraste piksel slik du vil ha det. Har du t.d. lyst til å gjere biletet kvadratisk, finn du breidde og høgde for biletet ( sjå Seksjon 4.5, “ Å finne biletinformasjon og vel den minste av dei som referanse. I biletet mitt på 300 × 225 pikslar er det største kvadratet eg kan få 225 × 225 pikslar.

I kvart hjørne av beskjeringsramma er det eit lite kvadrat (handtak) som du kan gripe tak i og flytte ramma med. Handtaket i det øvre, venstre hjørnet flytter venstre side og øvre sida, handtaket i det nedre, høgre hjørne flytter høgre sida og den nedre sida. Dei to andre handtaka flytter heile ramma.