4.3. Gjer jpeg-bilete mindre

Figur 3.15. Eksempel på lagring i jpeg

Eksempel på lagring i jpeg

Du kan gjere jpeg-filene merkbart mindre utan at det viste biletet blir mindre. Som eksempel er her brukt (enda) ei fil frå APOD [APOD04]. Originalbiletet er 3 000 pikslar breidt, så eg forminska biletet slik at det passer betre for å visast på ei nettside slik som beskrive i Seksjon 4.2, “ Å forandra storleiken (Skalering). Høgreklikk på biletet og vel FilLagra som... frå menyen for å få opp lagredialogen.

Til vanleg skriv eg her inn det filnamnet eg ønskjer i tekstboksen, men denne gongen ønskjer eg eit oversyn over tilgjengelege filformat, og klikkar på Vel filtype. Dersom GIMP får problem, eller at formatet “JPEG” er gråa ut, altså ikkje tilgjengeleg, trykk på knappen Avbryt og les Seksjon 4.6, “ Forandre biletmodus.

Figur 3.16. Opningsdialogen for “Lagra som JPEG

Opningsdialogen for Lagra som JPEG

I dialogvindauget for å lagra som jpeg, kan du godta GIMP sitt forslag. Dette vil redusere filstorleiken ein del, og er absolutt den sikraste og raskaste måten å gjere det på utan at det går merkbart ut over biletkvaliteten.

Figur 3.17. Dialogvindauget for “Lagra som JPEG

Dialogvindauget for Lagra som JPEG

Dersom du vil redusera fila meir, må du klikke deg inn på Avanserte innstillingar og forsikra deg om at førehandsvisinga er synleg. Studer biletet medan du flytter glidebrytaren for “Kvalitet” nedover. Når brytaren kjem langt over mot venstre, vil du sjå at biletet blir tydeleg dårlegare. Biletet ovanfor viser at svært låg verdi også gir svært låg kvalitet. Nedanfor er det vist den same dialogen, men nå med høgare verdi for kvalitet.

Figur 3.18. Dialogvindauge for “Lagra som JPEG

Dialogvindauge for Lagra som JPEG

Til nå har eg bare vist førehandsvisingane. Vi avslutter difor denne abdelinga med dette sluttresultatet:

Figur 3.19. Eksempel med sterk kompressjon

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 0,06; Filstorleik: 1.361 byte

Eksempel med sterk kompressjon

Kvalitet: 0,42; Filstorleik: 3.549 byte


Figur 3.20. Eksempel med moderat kompressjon

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 0,85 (GIMPs normalverdi); Filstorleik: 6.837 byte

Eksempel med moderat kompressjon

Kvalitet: 1,00; Filstorleik: 20.971 byte