2.7. Dialogen for angreloggen

Figur 13.21. Dialogen for angreloggen

Dialogen for angreloggen

Denne dialogen viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det aktive biletet. Dei forandringane du har gjort blir forsøkt vist med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista bare ved å klikke på den ønskte visinga i dialogen. Vil du vite meir om dette, kan du klikke deg inn på sida om å angre.

2.7.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarAngrelogg

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fire dialogar der den ein av dei er angreloggen.

  • frå biletmenyen: RedigerAngrelogg

  • frå biletmenyen: DialogarAngrelogg

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneAngrelogg

2.7.2. Å bruke angreloggen

Knappane nedst i dialogvindauget:

Angre

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerAngre frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl-Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogen.

Gjenta

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerGjenta frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl-Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogen.

Tøm angreloggen

Denne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det aktive biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruke denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.