2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

Gjennomsikt i bilete kan lagrast på to måtar: binær gjennomsikt og alfa-gjennomsikt. Den første forma blir brukt i GIF-formatet og i ikonar. Her kan du bestemma kva for ein av fargane i det indekserte fargekartet som skal vere transparent. Alfa-gjennomsikt blir styrt frå ein eigen alfakanal på linje med fargekanalane og blir mellom anna støtta av PNG-formatet.

[Notat] Notat

PNG-formatet støtter stort sett dei same eigenskapane som GIF-formatet. I tillegg har PNG støtte for alfakanalar. GIF blir difor i dag sort sett bare brukt til animasjonar.

Prosedyre 6.1.  Å lage eit bilete med gjennomsiktige område (alfa-gjennomsikt)

  1. Vi bruker GIMP sin maskot, Wilber, som eksempel.

    Figur 6.8. Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

    Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

  2. For å kunne lagra eit bilete med alfa-gjennomsikt, må biletet ha ein alfakanal. Dette kan du kontrollera ved å gå inn i kanaldialogen og sjå at det i tillegg til “raud”, “grøn” og “blå” også er sett opp “alfa”. Dersom det manglar alfa, må du gå inn i lagmenyen og velje legg til alfakanal.

  3. Bakgrunnslaget har normalt ikkje alfakanal, og kan nå fjernast. Eller du kan fylle det med ein fargeovergang frå ein eller annan farge til alfa. Bruk fantasien. Vi har vald å lage ein mjuk glød i bakgrunnen rundt Wilber.

  4. Når du er ferdig med biletet, kan du lagra det i PNG format.

Figur 6.9. Dei grå firkantane i bakgrunnen er GIMP sin måte å vise gjennomsikt på.

Dei grå firkantane i bakgrunnen er GIMP sin måte å vise gjennomsikt på.