Kapittel 7. Teikne med GIMP

Innholdsfortegnelse

1. Markeringar
1.1. Fjørkant
1.2. Å lage ei delvis gjennomsiktig markering
2. Å lage og bruke markeringar
2.1. Å flytte ei markering
2.2. Frihandsmarkering
3. Snarmaske
3.1. Oversyn
3.2. Eigenskapar
4. Å bruke snarmaske
5. Banar
5.1. Å opprette ein bane
5.2. Banar og markeringar
5.3. Transformere banar
5.4. Å teikne ein bane
5.5. Banar og tekst
5.6. Banar og SVG-filer
6. Penslar
7. Å legge til nye penslar
8. Dialog for mønsterpensel
9. Å lage ein pensel med variabel storleik
10. Fargeovergangar
11. Mønsterelement
12. Palettar
12.1. Fargekart
13. Enkle teikneobjekt
13.1. Å teikne ei rett linje
13.2. Å lage figurar

1. Markeringar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1976 $ 2006-09-06 KoSt

Når du arbeider med eit bilete, er det ofte bare deler av biletet du eigentleg har behov for å modifisera. I GIMP kan du velje ut kva for del av biletet du ønskjer å arbeide på ved å markere den aktuelle delen. Når du lastar inn eit bilete, vil normalt heile biletet vere ei markering. Dette kan du endre på undervegs. Dei fleste, men ikkje alle, verktøya i GIMP vil verke bare innføre ei markering.

Figur 7.1. Korleis isolere dette treet?

Korleis isolere dette treet?

Kunsten å gjere det rette utvalet vil ofte vere nøkkelen som opnar for å få til det resultatet du ønskjer. Diverre er det ikkje alltid like enkelt å få til. I biletet over skulle eg gjerne ha klipt treet i forgrunnen ut frå bakgrunnen og limt det inn att i eit anna bilete. For å kunne gjere dette, må eg kunne lage ei markering som inneheld treet, og ingenting anna. Dette er vanskeleg både fordi treet har eit komplekst omriss og fordi det kan vere vanskeleg å skilje treet frå bakgrunnen.

Figur 7.2. Bilete med markering

Bilete med markering

Markeringar blir til vanleg avmerka med prikkelinjer


Her kjem det eit viktig punkt som det er heilt avgjerande at du forstår dersom du ønskjer å utnytta GIMP. Til vanleg ser du markeringa omkransa av ei prikkelinje. Markeringa kan vere ein del av biletet, eller heile biletet. Dermed er det lett å tru at markeringa er ein slags figur med dei utvalde partane på innsida, og resten av biletet på utsida av figuren. Dette kan i mange tilfelle vere ei grei forklaring, men held ikkje alltid.

Eigentleg blir ei markering behandla av GIMP som ein kanal. Den indre strukturen i ei markering er identisk med farge- og alfa-kanalane i eit bilete. I markeringa har altså kvart biletpunkt sin eigen verdi definert i området 0 (umarkert) til 255 (full markering). Fordelen med dette er at kvart punkt kan vere meir eller mindre markert, dvs. ha verdiar mellom 0 og 255. Som du vil sjå seinare, er det mange situasjonar der det er ein fordel å ha mjuke overgangar mellom markerte og umarkerte område av biletet.

Kva så med prikkelinja som dukkar opp når du lager ei markering?

Denne linja er ei konturlinje som deler område som er meir enn halveges markerte frå område som er mindre enn halvvegs markerte. Kanskje litt vanskeleg å førestilla seg grader av markering, men slik er det.

Figur 7.3. Same markeringa i Snarmaskemodus

Same markeringa i Snarmaskemodus

Når du ser prikkelinja som representerer markeringa, må du hugse på at denne linja ikkje fortel heile historia. Ønskjer du å studera detaljane i ei markering, er det enklaste å klikka på Snarmaske-knappen i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Dette vil vise markeringa som ei gjennomsiktig maske over biletet. Markerte område er ikkje dekka av maska, medan dei umarkerte områda er raudfarga. Dess meir området er markert, dess mindre raudfarge.

Bruken av Snarmaske, og snarmaskemodus, er nærare omtalt nedføre. Mange operasjonar arbeider annleis med Snarmaske enn utan Snarmaske. Dersom du prøver ut objekta etter kvart som dei blir omtala her, bør du difor slå av Snarmaske ved å klikke på Snarmaske-knappen ein gong til.

Figur 7.4. Same markeringa i Snarmaskemodus med fjørkant

Same markeringa i Snarmaskemodus med fjørkant

1.1. Fjørkant

I standardinnstillingane til markeringsverktøya, som t.d. verktøyet for Rektangulær markering, blir markeringa avgrensa med skarpe kantar. Prøver du med Snarmaske, vil du få eit tydeleg avgrensa rektangel omringa av raudfarge. I verktøyskrinet finn du ein liten kontrollboks kalla Fjørkantar. Dersom du aktiviserar denne, kan du justera overgangen frå full markering til umarkert. Fjørradiusen avgjer kor brei denne overgange skal vere.

Du kan prøve ut dette med det rektangulære markeringsverktøyet og kontrollere resultatet ved å slå på Snarmaske. Den tidlegare skarpe overgangen er blitt uskarp.

Fjørkanten er spesielt nyttig når du limer inn markeringar i eit bilete. Den uskarpe kanten gjer det lettare å tilpassa det nye objektet i dei nye omgivnadane, med mindre synlege overgangar.

Du kan setje inn fjørkant i ei markering når det måtte passe deg, sjølv om markeringa opphavleg blei laga med skarpe kantar. Gå inn på menyen i biletvindauget og vel VelFjørkant. Det kjem då opp ein dialogboks der du kan setje breidda på fjørkanten. Du kan også gå den motsette vegen, og gjere kanten skarpare ved å gå inn på VelGjer skarpare.

[Notat] Notat

For den spesielt interesserte lesaren: Fjørkanten lagar ei Gaussisk utjamning med den spesifiserte radiusen (breidda) til den valde kanalen.

1.2. Å lage ei delvis gjennomsiktig markering

Du kan bestemma gjennomsikta for eit lag, men kan ikkje gjere dette direkte for ei markering. Korleis kan ein då lage for eksempel eit bilete av eit gjennomsiktig glas? Her er ein metode:

  • For enkle markeringar, bruk viskeleret innstilt til ønskt gjennomsikt.

  • For meir komplekse markeringar: Lag ei flytande markering: (Vel+Gjer flytande). Du vil nå få eit flytande lag i lagdialogen. Aktiver dette og bruk glidebrytaren “Dekkevne” for å stilla inn på ønskt dekkevne. Dess mindre dekkevne, dess meir gjennomsiktig. Neste steget er å forankre markeringa. Fører du musepeikaren utføre markeringa, vil ikonet skifte til eit anker. Venstreklikk, og det flytande laget forsvinn. Markeringa er limt inn på ønskt stad i biletet, med ønskt gjennomsikt.

    Dersom du bruker denne funksjonen ofte, kan du bruke snartaster: Kopier markeringa med Ctrl-c og lim ho inn som flytande lag med Ctrl-v. Resten som ovanfor.

  • Endeleg kan du også bruk Lag+Masker+Legg til lagmaske. Du kan bruke ein pensel med høveleg dekkevne (gjennomsikt) og teikne med svart farge der du ønskjer markeringa gjennomsiktig. Deretter legg du lagmaska inn i biletet med Lag+Masker+Legg til i markering. Sjå meir om dette i kapitlet om lagmasker.