3.2. Modulbehandlaren

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-06 KoSt

Modulbehandlaren viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velje fargar eller vise filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vil bli aktiverte neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP. (Til vanleg har du ikkje bruk for å forandra desse innstillingane).

3.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til undermenyen frå menylinja i verktøyskrinet via UtvidModulebehandlar

3.2.2. Dialogen for “Modulbehandlaren

Figur 14.9. Dialogvindauget for “Modulebehandlaren

Dialogvindauget for Modulebehandlaren

Rullevindauget i modulbehandlaren viser lastbare modular. Du kan klikke i rutene for Autolast for å markere eller avmarkere dei. Plasseringa av modulane blir vist i kolonna Modulbane. Nedst i vindauget finn du ein del informasjon om modulen. Denne informasjonen blir tatt direkte frå modulen, og er difor som oftast på engelsk.