Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ → →Til skilnad frå filteret Bytt fargar bruker dette filteret fargar frå eitt definert fargeområde for å bytte farge i eit anna, definert fargeområde.
Førehandsvising: Dersom denne er avkryssa, vil alle endringane bli viste her etter kvart før dei blir lagt inn i originalbiletet.
Dei to fargeboksane blir brukte for å definera kva for fargeområde som skal bli brukt som kjelde. Området vil vere frå fargen definert i fargeruta Frå til fargen definert i ruta Til. Når du opnar dialogen, er forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen definert i verktøyskrinet brukt i desse boksane. Klikkar du på ein av fargeboksane vil du få opp fargeveljaren slik at du kan bestemme fargane.
Desse to fargeboksane verkar som omtalt ovanfor, men set grensene for fargeområdet i målbiletet.