6.4. Fjern striper

6.4.1. Oversyn

Figur 15.86. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Fjern striper” på ein del av biletet


Dette filteret blir brukt for å fjerne loddrette striper som t.d. kan ha oppstått på grunn av ein feil ved skannaren. Filteret legg til eit biletmønster som interfererer med biletet og fjerner stripene dersom det er råd å finne ei brukbar innstilling. Det negative biletmønsteret blir rekna ut frå loddrette element i biletet, så ikkje bli overraska om filteret lager nye striper i eit bilete som eigentleg er utan striper. Verknaden av filteret er i tillegg til innstillinga for Breidde også sterkt avhengig av innhaldet i biletet. Studer eksemplet ovanfor.

Blir ikkje resultatet slik du hadde håpt på, bruk angrefunksjonen og prøv med ny innstilling. Ikkje kast bort tid med å køyre filteret omigjen. Dette fører (nesten) alltid til dårlegare resultat. Er det bare er ein liten del av biletet som har uønskte striper, kan du prøve å markere bare stripene og køyre filteret på markeringa.

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetreFjern striper

6.4.2. Innstillingar

Figur 15.87. Innstillingane for filteret “Fjern striper

Innstillingane for filteret Fjern striper

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Variable parametrar
  • Vis histogram: Viser eigentleg ikkje eit histogram, men eit bilete av interferensmønsteret som blir brukt for å kamuflera stripene.

  • Breidde: Her kan du bestemme “styrken” på filteret (2-100). Som oftast vil du få best resultat med ei breidde på opp til 40.