Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via → →
NL står for det engelske “Non Linear” (= ulineær). Filteret er utleidd frå Linux-programmet pnmnlfilt og kombinerar funksjonane utglatting, støvfjerning og gjer skarpare. Filteret arbeider på heile biletet, ikkje på markeringar.
Dette er litt av eit universalfilter med tre distinkte operasjonsmodus. Filteret analyserer kvar piksel i biletet og endrar desse ut frå innstillinga du har vald og ut frå verdien på pikselen og nabopikslane. I staden for å bruke den vanlege 3 × 3 blokka, bruker filteret sekskanta blokker rundt sentrumspikselen. Storleiken på desse blokkene blir bestemt ut frå kva radius du har sett i innstillingane.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.
Alfa: Verknaden av denne glidebrytaren er avhengig av kva filter som er i bruk.
Radius: Kontrollerer styrken på filteret (0.33-1.00).
Verknaden av dei tre filtra du kan velje mellom, er nokså avhengig av kva verdi du har sett på glidebrytaren alfa.
alfa <= 0.5)
        
            
            Verdien på pikselen i sentrum av sekskanten blir sett til 
            gjennomsnittet av dei sekskanta områda etter at områda
            er rangerte etter storleik, og den høgaste og lågaste
            alfa-verdien blir stroken før
            gjennomsnittet blir rekna ut. Dette betyr at dersom 
            alfa er sett til 0,0 vil filteret verke
            som eit vanleg sløringsfilter der styrken av filteret blir
            bestemt av verdien av radius.  Når
            du skal bruke filteret, kan det vere lurt å prøve med  
            alfa = 0,0 og
            radius = 0,55 som startverdiar. 
            Ønskjer du større verknad, kan du i staden setje
            radius til 1,0.
          
            Med ein alfa-verdi sett til 0,5 vil
            verdien av senterpikselen bli sett til gjennomsnittsverdien
            for sekskantane. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for å
            fjerne tilfeldig støy i einskilde pikslar i biletet utan å spreie
            støyen vidare eller å sløre resten av biletet. Du kan fininnstille
            verknaden med ulike verdiar for radius.
            For ei lett filtrering kan du prøve med startverdien 0,4 for
            alpha og 0,6 for
            radius. Ønskjer du ein tydelegare
            effekt, kan du prøve med startverdiane
            alpha = 0.5 og
            radius = 1.0 .
          
alfa <= 2.0)
        
            Dette filteret legg eit sløringsfilter over heile biletet. Det blir rekna ut ein verdi for variajonane i pikslane i dei omkringliggande sekskantane. Mengda av sløring blir så gjort omvendt proporsjonal med denne verdien. Tanken bak dette er at små variasjonar i biletet kjem frå støy, medan større variasjonar høyrer til i biletet.
            Også her blir effektiv radius bestemt med innstillingane på
            glidebrytaren Radius. Radius mellom
            0,8 og 1,0 gir som oftast dei mest meiningsfulle resultata ved
            utrekninga av verdiane for variasjon. I dette filteret bestemmer
            glidebrytaren Alfa støygrensa. Verdiar
            over denne grensa blir mindre utglatta enn dei lågare verdiane.
            Dette betyr i praksis at låge alfa-verdiar
            lager små endringar i biletet, medan høgare verdiar vil gjere heile
            biletet mjukare. Ei god startsetting kan vere              
             og
            alfa  =  1,2. Deretter
            aukar eller minkar du radius = 1,0alfa-verdien
            til du eventuelt finn ein passande verdi. Dette filteret høver
            kanskje best for bilete som er blitt litt uskarpe fordi du ikkje har
            halde kameraet roleg.
          
alha >= -0,9)
        
            
          Dette filteret verkar omvendt av det førre filteret. Det forsterkar
          kantar i biletet. Alpha-innstillinga
          kontrollerar mengda av kantforbetring, frå nesten ingenting
          (-0,1) til det heilt overdrivne (-0,9). Også her bestemmer
           radius effektiv radius. Brukbare
           verdiar kan vere mellom 0,5 og 0,9. Eit høveleg startgrunnlag
           kan vere
          
             og
          alfa = 0,3
          
            .
        radius = 0,8
          
Det er ingenting i vegen for å køyre eit filter fleire gonger, eller å bruke ulike filter på same biletet. Ønskjer du for eksempel å gjere eit uskarpt monokromatisk bilete om til eit gråskalabilete, kan du prøve ein eller to rundar med utglattingsfilteret (Alfabasert middelverdi) og deretter ei gjennomkøyring med filteret Optimalt overslag. Til slutt prøver du ei forsiktig kantforbetring. Som oftast blir resultatet best når du køyrer kantforbetringa til slutt i prosessen. Dette fordi kantforbetring er det motsette av utglatting.
            For å fjerne spor etter fargekvantisering, t.d. når eit
            GIF-bilete blir omforma tilbake til 24-bits bilete, kan du
            prøve filteret ei gjennomkøyring med optimalt overslag
            med innstillingane
            alpha = 1,2 og
            radius =  1,0 og deretter ein runde
            med alfabasert middelverdi med
            alpha = 0,5 og
            radius = 0,55. Kanskje også ei
            kantforbetring til slutt. Har du bruk for store endringar med
            filteret optimalt overslag, vil resultatet som ofatast bli betre om
            du køyrer filteret fleire gonger med minkande
            alpha-verdiar enn om du køyrer det
            ein gong med store alpha-verdiar.
            Det er kanskje også på sin plass å minne om at det alltid er ein
            samanheng mellom graden av filtrering og tap av detaljar i
            biletet. Den beste løysinga er å prøve seg fram.