Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret imiterer “solrefleksar” i linsa. Som oftast er dette nokså uønska, men kan altså ein gong i blandt gi ein spesiell effekt til biletet. Du kan plassere refleksen på biletet ved å klikke med musepeikaren på førehandsvisinga eller ved å skrive inn koordinata for refleksen. Filteret er enkelt og raskt i bruk, men er ikkje så omfattande som filteret G-refleks.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykke på knappen OK.
Sentrum for refleksen: Her kan du skrive koordinata for refleksen. Som vanleg er startpunktet (0,0) i øvre, venstre hjørne.
Vis markøren: Dette er ikkje den vanlege musemarkøren, men to kryssande hjelpelinjer som viser sentrum for refleksen. Dei aktuelle koordinata blir viste i rutene X og Y.
Du kan flytte rundt i førehandsvisinga med den korsforma musemarkøren og klikke der du ønskjer refleksen skal vere. Dette gjeld også om det ikkje er markert for Vis markøren.