6.6. Gjer skarpare

6.6.1. Oversyn

Figur 15.90. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Gjer skarpare


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForbetreGjer skarpare

Dei aller fleste digitale bileta treng å skjerpast. Dette fordi digitalteknikken deler alt opp i punkt. Fargane blir delte opp i fargepunkt i staden for kontinuerlege fargeovergangar slik det ofte er i naturen. Dersom fargeskilnadane i eit område er mindre enn den såkalla “samplingsfrekvensen”, vil alle fargepunkta i området bli eit gjennomsnitt av alle fargane der. Skarpe kantar blir litt uskarpe. Det same kan du sjå når fargane blir skrivne ut på papir.

Dette filteret gjer kantane skarpare, men forsterkar også eventuell støy som måtte finnast i biletet. Filteret kan også generere støy i flater med små fargevariasjonar som t.d. ein himmel eller ei vassflate. I mange tilfelle vil du få eit betre og meir naturleg resultat med filteret Uskarpmaske.

6.6.2. Innstillingar

Figur 15.91. Innstillingane for filteret “Gjer skarpare

Innstillingane for filteret Gjer skarpare

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.

Grad

Denne glidebrytaren blir brukt for å setje styrken på skjerpinga på ein skala frå 1 til 99. Dess høgare verdi dess skarpare bilete, men derme også kanskje meir tilført støy.