10.13. Verdiutbreiing

10.13.1. Oversyn

Figur 15.152. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Verdiutbreiing


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVerdiutbreiing

Dette filteret forandrar fargekantane ved å spreie pikslar med verdiar mellom dei valde grenseverdiane i dei valde retningane. Du kan også velje korleis dei spreidde pikslane skal påverka eksisterande pikslar.

10.13.2. Innstillingar

Figur 15.153. Innstillingane for filteret “Verdiutbreiing

Innstillingane for filteret Verdiutbreiing

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Modus

I det følgjande blir kvar modus vist med bileteksempel.

Figur 15.154. Originalbiletet

Originalbiletet

  • Meir kvitt: Pikslane vil forplante seg frå område med høg lysverdi til område med lågare lysverdi og såleis utvide dei lyse områda.

    Figur 15.155. Meir kvitt

    Meir kvitt

  • Meir svart: Pikslane vil forplante seg frå område med låg lysverdi til område med høgare lysverdi og såleis utvide dei mørke områda.

    Figur 15.156. Meir svart

    Meir svart

  • Middelverdi til spissane: I området mellom dei to grenseverdiane blir fargane i dei pikslane som finst der frå før og dei nye pikslane blanda samen til ein middelverdi.

    Figur 15.157.


  • Forgrunn til spissane: Området mellom dei to grenseverdiane blir sett til forgrunnsfargen som blir vist i verktøyskrinet.

    Figur 15.158. Forgrunn til spissane

    Forgrunn til spissane

  • Bare forgrunn: Bare område som har same fargen som forgrunnsfargen i verktøyskrinet blir påverka.

    Figur 15.159. Bare forgrunn

    Bare forgrunn

  • Bare bakgrunn: Bare område som har same fargen som bakgrunnsfargen i verktøyskrinet blir påverka.

  • Meir opak og Meir transparent: Pikslane vil forplante seg frå opake (ugjennomsiktige) eller transparente (gjennomsiktige) område og gjere desse større. Desse funksjonane verkar bare på bilete med alfakanal.

    Figur 15.160.


Parameterverdiane
Parametra

Nedre/Øvre grenseverdi: Desse glidebrytarane bestemmer nedre og øvre grense for kva pikselverdiar som skal påverkast av filteret. Bare pikslar med verdiar mellom desse grenseverdiane blir påverka.

Utbreiingsforhold

Utbreiingsforhold: Dette bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess sterkare verknad av filteret.

Utbreiingsretning

Utbreiingsretning: Du kan velje ein eller fleire av dei fire retningane Oppover, Nedover, Til høgre eller Til venstre.