4. Konturfilter

4.1. Innleiing

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2498 $ 2007-04-09 KoSt

Dette er ei gruppe filter som finn grensene mellom ulike fargeovergangar og bruker desse kantane for å markere konturane (omrisset) av ulike objekt.

Filtra blir gjerne brukte for å lage utval, men også for ulike kunstnariske føremål.

Dei fleste av desse filtra analyserer fargeskilnadane i biletet og gir til dels nokså tykke kantlinjer. Sjå på fig. 1, som viser variasjonar i fargeintensitet. Til venstre i figuren forandrar fargen seg lite, og dermed kan ein ikkje finne noen kant her. På høgre sida er variasjonane såpass kraftige at vi har funne ein kant. Vi kan rekne ut fargevariasjonane for dette område. Figur 2 viser den første avleiinga av desse utrekningane. Vi har her bestemt at det finst ein kant når fargevariasjonane er større enn ein sett terskelverdi. Den nøyaktige kanten er ved toppen av kurven, men denne toppen varierer i høve til grensene. Som oftast er terskelverdien noe lågare enn denne toppen, og resultatet blir difor meir eller mindre breie kantar.

Kantfinning med Laplace-metoden bruker den andre avleiinga, figur 3. Toppen av kurva er her null, og såleis klart definert. Dette er forklaringa på at Laplace-filtra teiknar tynne kantar, bare ein piksel tykke. Ulempen er at det blir mange slike nullar som tilsvarar små variasjonar, og dermed også “falske” kantar.

Som oftast vil det hjelpe med litegrann sløring før bruk av desse filtra. Sløringa flater ut småkrusingane og reduserer mengda av falske kantar.