Filteret blei tatt i bruk frå og med GIMP 2.2. Det finn kantane ved å køyre to gaussiske sløringar med litt ulike sløringsradiusar og deretter subtrahere resultata. Namnet “DoG-filter” er etter det engelske namnet på filteret: Difference of Gaussians. Algoritmane bak dette filteret blir mykje brukt innan forsking på kunstig syn, og kanskje også for biologisk syn i og med at dei arbeider svært raskt men likevel sikkert. Dei viktigaste innstillingane er sløringsradius for dei to køyringane. Desse er det lettast å setje ved å sjå på førehandsvisinga. Eit lite tips på vegen likevel: auke i den minste radiusen vil som oftast gi tykkare kant, medan redusering av den største radiusen har ein tendens til å auke terskelen for at noe skal bli oppfatta som ein kant. Som oftast vil du få det beste resultatet når radius 2 er mindre enn radius 1. Unntaket kan vere når du har lyse figurar på mørk bakgrunn.
Radius 1 og radius 2 er sløringsradius for dei to gaussiske sløringane. Den einaste avgrensinga på bruken av dei, er at dei må vere ulike. Dersom dei er like, vil dette gi eit blankt bilete. Med radius 1 større enn radius 2, vil resultatet som oftast bli eit skisseliknande bilete.
Når denne er avkryssa, vil lysområdet bli strekt mest mogleg for å auke kontrasten. Bare den delen av biletet som er synleg i førehandsvisinga blir brukt for å vise verknaden i førehandsvisinga. Difor kan det hende at resultatet blir noe annleis på det ferdige biletet. Dette er til vanleg ikkje noe stort problem.
Når denne boksen er avmerka, vil resultatet bli teikna med mørke strekar på kvit bakgrunn. Dette gjer at biletet minner om ei skisse eller ei teikning.