Filtra i denne kategorien bruker eit “kart” for å gjere endringar i eit bilete. Dette blir gjort ved å avbilde kartet i biletet. På denne måten er det mellom anna råd å lage mange ulike 3D-effektar ved hjelp av eit mønstra kart (filteret “avbilding”) eller å overføra biletet til ei kule (filteret “avbild på objekt”). Det er også råd å bøye ein tekst langs ei kurve ved hjelp av filteret “forskyv” eller å bruke ein del av biletet som biletkart for ein annan del av biletet med filtra “illusjon” og “lag saumlause”.