Som namnet indikerer, gjer dette filteret at biletet blir nokså
likt eit oljemaleri. Du kan bestemma kor stor pensel filteret
skal bruke med kommandoen Penselbreidde
.
Tips | |
---|---|
Ønskjer du meir kontroll med korleis “oljemalieriet” skal sjå ut, kan du prøve filteret GIMPressionist som kan gjere nokolunde det same, men med fleire innstillingar. |
Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.
Med denne glidebrytaren bestemmer du kor grov pensel du vil bruke. Ein brei pensel gir ein meir “maleriliknande” utsjånad.
Dersom denne er aktivisert, vil biletdetaljane og fargane bli meir likt originalbiletet.
(Førebels manglar omtale av avbildingsfunksjonane som kom med versjon 2.4).