6. Penslar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2551 $ 2008-01-20 KoSt

Figur 7.12. Eksempel på ulike penselstrok

Eksempel på ulike penselstrok

Eksempel på penslar brukte i GIMP. Alle er teikna med målarpenselen.


Ein pensel er i GIMP, som i mange andre teikneprogram, den delen av teikneverktøyet som lagar avtrykk på biletet. Du kan gjerne tenke på det som spissen av verktøyet.

I GIMP er det eit sett med 10 ulike teiknereiskap. Noen av desse verkar slik du kjenner dei frå andre samanhengar, medan det kanskje er vanskelegare å godta at kloning, utgniding av farge eller andre av teikneverktøya høyrer til i denne kategorien. Det er vel eigentleg eit definisjonsspørsmål. Alle teikneverktøya, unnatatt pennen, nyttar det same penselsettet. Når du teiknar med eit av teikneverktøya, blir mønsteret i penselen avsett som avtrykk på biletet. Kombinasjonen av pensel og teikneverktøy, og sjølvsagt måten du bruker verktøyet på, bestemmer utsjånaden på dette avtrykket.

Du vel pensel ved å klikka på eit av ikona i penseldialogen. Kva for pensel som gjeldande, altså for tida er aktiv, blir vist i verktøyvindauget. Klikkar du på penselsymbolet her, dukkar penseldialogen opp.

Når du installerer GIMP, blir det også lagt inn ein del ferdigdefinerte penslar. Mellom desse noen underlege noen som helst er meint å syne kva som er mogeleg i GIMP. (Peparfruktene på biletet over er ikkje teikna, men “stempla” med ein spesiell pensel). Det er nokså enkelt å legge til nye penslar i samlinga, anten du lager dei sjølv eller lastar dei ned t.d. frå Internett.

GIMP gjer bruk av fleire ulike penslar som alle blir brukte på same måten. Normalt treng du såleis ikkje bry deg så mykje om korleis dei verkar, men her er likevel eit oversyn over dei tilgjengelege typane:

Vanlege penslar

Dei fleste penslane i GIMP høyrer til her. Dei blir viste i penseldialogen med penselavtrykket i grått. Når du teiknar med dei, blir gråfargen bytta ut med forgrunnsfargen (vist i fargeområdet i verktøykassa). Avtrykket blir slik som vist i penseldialogen.

Det er lett å lage slike penslar i GIMP. Du lager eit passeleg stort gråskalabilete og lagrar dette med filutvidinga .gbr. Klikk på Oppdater-knappen i penseldialogen for å legge den nye penselen inn i arkivet utan å starta GIMP på nytt. Den nye penselen er klar for bruk. Tips: Det er ofte lurt å lage biletet med forstørra skjermvising.

Fargepenslar

Penslane i denne gruppa er viste med farga penselavtrykk i penseldialogen. Desse penslane har førehandsinnstilte fargar. Du kan altså bare bruke dei fargane som er i penselen, uavhengig av forgrunnsfargen du har vald. Elles blir dei brukte som vanlege penslar. Ein fargepensel kan også innehalde tekst.

For å lage ein slik pensel, lager du eit lite bilete i RGBA-format. Dette gjer du ved å opna eit nytt bilete frå hovudmenyen eller ein biletmeny: FilNytt Klikk på “Avanserte innstillingar” og set Fargemodus til RGB-farge og Fyll med til gjennomsikt. Teikna biletet ditt og lagra det først som .xcf-fil for å vere sikker på at du får lagra ein kopi med alle nødvendige data til eventuell seinare bruk. Deretter lagrar du det som pensel som gbr-fil. Klikk på Oppdater i penseldialogen for å legge den nye penselen inn i arkivet utan å starta GIMP på nytt. Du vil nå finne penselen din i penseldialogen.

[Tips] Tips

Når du kopierer eller klipper ut eit utval, vil du kunne sjå innhaldet av utklippstavla, altså utvalet, oppe til venstre i penseldialogen. Dette kan du bruke direkte som pensel. Sjå meir om dette i Seksjon 3.2.4, “ Tavlepenselen.

Figur 7.13. Utval til pensel etter kopier eller klipp ut

Utval til pensel etter kopier eller klipp ut

Mønsterpensel

Penslane i denne gruppa kan gjere fleire, ulike avtrykk på biletet. Dei er merka med eit lite, raudt triangel i nedre, høgre hjørnet på penselavtrykket i penseldialogen. Denne penseltypen blir også kalla “animerte penslar”, “børsterør” og mykje anna som går på at avtrykket varierar medan du stryk ut penselen. I prinsippet kan denne typen penslar vere svært avanserte, særleg dersom du bruker eit mønster som endrar utsjånad i høve til trykk, vinkel eller liknande. Dette har til nå vore lite brukt, og er førebels lite utvikla. Dei som følgjer med GIMP er relativt enkle, men kan likevel vere nokså brukbare.

Du kan finne ei beskriving av korleis du lagar slike penslar i Seksjon 7, “ Å legge til nye penslar.

Parametriske penslar

Desse blir laga med verktøyet for penselredigering, og gir deg høve til å lage mange ulike penselformer på ein enkel måte. Ein hyggeleg eigenskap med desse penslane er at du kan endra storleiken på dei etter behov. Frå GIMP 2.2 kan du også la knappetrykk eller musehjulet styra penselvidda for parametriske penslar.

Frå GIMP versjon 2.4 kan du variera breidda på alle penslane med ein glidebrytar i innstillingane i verktøykassa. Det er også råd å gjere dette med musehjulet dersom du har sett det opp slik. Sjå meir om dette i Seksjon 9, “ Å variere penselbreidda.

I tillegg til penselavtrykket, har alle penslane i GIMP også ein annan viktig eigenskap: Avstand. Med avstand meiner ein her avstanden mellom avtrykka i eit kontinuerleg penselstrok. Kvar pensel har sin eigen normalverdi for avstand, men du kan endre denne i penseldialogen.