Penseldialogen blir brukt for å velje penslar til bruk med teikneverktøya. Sidan ein pensel i GIMP ikkje er heilt det same som ein pensel i malefaget, kan det vere lurt å kikke nærare på Seksjon 6, “ Penslar ”, dersom du ikkje alt har gjort det. Denne dialogen gir deg også tilgang til ulike måtar å manipulera penslane. Du kan velje pensel ved å klikke på han i ei liste. Kva pensel som er i bruk blir vist i verktøykassa i området Penslar/Fargeovergangar/Mønsterelement. GIMP blir levert med ein god del penslar ferdiginnstallerte. Av desse er noen få eigentleg nokså meiningslause, men er tatt med for å vise kva som er mogleg. Du kan nemleg også kreere dine eigne penslar mellom anna ved å lagra bilete som penslar.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
frå menyen i verktøykassa:
→ →frå menyen i verktøykassa:
→ → → Dette valet opnar eit vindauge som inneheld tre dialogar der den ein av dei er penseldialogen.frå verktøykassa ved å klikka på penselsymbolet i området Penslar/Mønsterelemen/Fargeovergangar.
frå biletmenyen:
→eller frå ein annan dialogmeny:
→Du kan også få tilgang til eit penselval ved å klikka i dialogvindauget for innstillingane av teikneverktøya. Det kjem då opp ei liste over alle tilgjengelege penslar. Heilt nede til høgre i denne lista er det ein knapp som opnar den vanlege penseldialogen.
Dette dialogvindauget har fem knappar som blir forklarte med “sprettopptekstar” når du held musepeikaren over dei:
Vis mindre
Vis større
Vis som liste
Vis som tabell
Opna dialog for val av pensel
Penslane du vel frå oppsprettmenyen kan anten gjelda for alle teikneverktøya eller bare for det aktive verktøyet. Dette er avhengig av korleis du har sett opp Seksjon 1.6, “ Verktøyinnstillingane ”.
I fanemenyen har du valet mellom
og . I tabellmodus blir penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus blir penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gir deg høve til å bestemma storleieken på førehandsvissinga av penselen.
Øvst i dialogvindauget finn du namnet på den aktive penselen og storleiken målt i pikslar.
I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege penslar. Den gjeldande penselen er ramma inne.
Stort sett verkar dialogen på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak:
Dersom du dobbelklikker på eit penselnamn, vil du opna for penselbehandlaren slik at du kan redigere penselen. Redigeringa er likevel avgrensa til å gjelde penslar du har laga eller lagt inn sjølv. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noe med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykker Enter vil forandringane gå tilbake til slik dei var. Dette er ein generell regel i GIMP. Du kan ikkje gjere forandringar i noe som kjem ferdiginstallert, bare i ting du har lagt inn sjølv.
Når du klikkar på førehandsvisinga av ein pensel, blir denne den aktive penselen som blir vist i penselområdet i verktøykassa og i innstillingane for penselverktøya. Knappane nedst i vindauget blir brukte for å behandla penslane.
Dei små symbola i nedre, venstre hjørne av penselsymbolet betyr:
Eit blått hjørne fortel at penselen er vist i full storleik. Desse penslane kan dupliserast.
Eit lite kryss fortel at penselen er vist forminska. Du kan få fram visinga i full storleik ved å klikka på penselsymbolet.
Eit raudt hjørne fortel at penselen er ein mønsterpensel. Du kan venstreklikke på penselsymbolet for å spele av animasjonen.
Nedst i dialogvindauget finn du ein glidebrytar og ein del knappar:
Glidebrytaren “Mellomrom” bestemmer avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover teikneflata. Mellomrommet er i prosent av penselbreidda, og kan varierast frå 1 til 200.
Trykk på denne for å opna penselbehandlaren. Du kan bare redigera parametriske penslar, dvs. slike du har lagt inn sjølv. Andre typar penslar blir viste i behandlaren, men du kan ikkje gjere noe med dei.
Denne knappen lagar ein ny pensel og set han opp med
startverdiane for ein liten, rund pensel med diffust avtrykk.
Deretter blir penselbehandlaren opna slik at du kan gjere dei
forandringane som skal til for å få han slik du ønskjer. Den nye
penselen blir lagra automatisk i den personleg
brushes
-mappa di.
Denne knappen er bare tilgjengeleg dersom den aktive
penselen er parametrisk. Knappen lagar i tilfelle ein kopi av den
aktive penselen og opnar penselbehandlaren opna slik at du kan
forandre kopien. Resultatet blir lagra automatisk i den personleg
brushes
-mappa di.
Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerna alle spor etter den aktive penselen, både frå dialogen og frå lagringsmappa. Du blir beden om å stadfesta slettinga.
Dersom du har lagt inn penslar i
brushes
-mappa på andre måtar enn
med penselbehandlaren, kan du gjere desse synlege i dialogen
ved å trykke på denne knappen.
Du kan også kalla opp funksjonane til desse knappane frå oppsprettmenyen som dukkar opp når du høgreklikkar ein eller annan stad i pensellista, eller ved å velje dei frå fanemenyen
.
Du får fram lokalmenyen for penslane ved å høgreklikke på eit av penselsymbola. Her finn du mellom anna innslag for å lage nye elliptiske eller rektangulære penslar, med eller utan mjuke (diffuse) kantar. Desse penslane er ikkje parametriske.
Dei andre vala i menyen er dei same som du har på knappane, og er omtalte der. Unntaket er Kopier penseladressa som blir brukt for å kopiera adressa for penselen til utklippstavla. Ved hjelp av kommandoen → kan du deretter opna penselen som eit nytt bilete.
Med penselbehandlaren kan du anten bare studera penselparametra for ein pensel som blei levert med GIMP, eller du kan forandra data for penselen eller laga ein heilt ny pensel ut frå ein geometrisk figur. Penselbehandlaren har fleire innstillingar:
Dialogfanen: Som med alle dialogar, kan du også i penselbehandlaren hente fram ein meny ved å klikke på det vesle triangelet oppe til høgre. Denne menyen gir deg høve til å setje ein del innstillingar for dialogvindauget.
Tittellinja: Her skriv du inn namnet på den nye penselen.
Område for førehandsvising: Alt du gjer av forandringar på penselen blir viste her så snart dei er utført.
Innstillingar:
Du bestemmer her forma på penslespissen, og kan velje mellom sirkel, kvadrat og rombe.
Avstanden frå sentrum og ut til kanten målt i breidderetninga. Nemninga “radius” blir brukt også for kvadrat og rombe. Eit kvadrat eller ei rombe med ein radius på 10 pikslar vil få ei 20 piksel lang side.
Dette valet bestemmer i store trekk kor mange hjørne kvadratet eller romba skal ha, og skulle difor ikkje ha noen innverknad på sirkelen. Det har han likevel. Bare prøv. Dersom du aukar spissane, vil eit kvadrat bli eit polygon, medan ei rombe vil få meir og meir form av ei stjerne. Det same gjeld faktisk meir eller mindre også for sirkelen.
Her bestemmer du kor hardt penselen skal teikna. Verdien 0,00 gir ein svært diffus pensel, medan 1,00 gir ein markert overgang.
Denne kontrollen bestemmer forholdet mellom breidde og høgde i penselen. Ei rombe med radius på 5 pikslar og forholdet = 2, vil ende opp med ei breidde på 10 og ei høgde på 5 pikslar. Skalaen går frå 1,0 til 20,0.
I utgangspunktet går penselbreidda på tvers av skjermen, altså ein vinkel på 0° i høve til horisontalen. Denne funksjonen vrir penselen med klokka så mange grader som du bestemmer. Skalaen går frå 0° til 180°.
Når du teiknar ei linje med penselen, blir det eigentleg sett av avtrykk av penselen med passelege mellomrom. Dersom det er kort avstand mellom mellomromma, dvs. verdien sett til 1, vil avtrykket gi inntrykk av å vere ei heil linje. Er avstanden stor, vil du kunne sjå mellomromma. Linja blir stipla. Denne kontrollen har eit område frå 1,00 til 200,0.
Denne blei innført med GIMP-2.4. Når du bruker kopierkommandoen blir denne kopien også lagt til i det øvre, venstre hjørnet i penseldialogen. Penselen blir ståande der til du bruker kopierkommandoen igjen, men forsvinn når du lukker GIMP.
Notat | |
---|---|
Du kan lagra denne penselen med kommandoen Seksjon 6.11.2, “ Lim inn som ny pensel ”.) → → så snart han dukkar opp i penseldialogen. (Sjå |