2. Å starte GIMP for første gong

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2504 $ 2007-11-23 kost

Første gongen du tar GIMP i bruk, går programmet gjennom fleire steg for å setje opp diverse opsjonar og filkatalogar. Mellom anna blir det laga ein underkatalog til hovudkatalogen. Denne blir kalla .gimp-2.4. All informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer blir lagra her. Dersom du fjernar denne mappa, eller gir ho eit nytt namn, vil GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste gong, og lage ei ny mappe med namnet .gimp-2.4. Du kan utnytte dette dersom du ønskjer å utforske ulike innstillingar utan å øydeleggje det eksisterande oppsettet, eller at du hamnar så ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om att.

2.1. Til slutt . . .

Nå er altså GIMP installert og sett opp slik du ønskjer det. Klar til bruk. Bare eit par tips før du går i gang. Kvar gong du opnar GIMP, vil det kome opp eit “Dagens tips”. Desse tipsa fortel ting om GIMP som det ikkje alltid er så lett å finne ut av bare på eige hand ved prøving og feiling, så dei er vel verd tida du bruker på dei. Du kan likevel ta bort desse tipsa dersom du finn dei distraherande, men du bør likevel studera dei når du får sjanse til det, for din eigen del. Tipsa kan hentast fram igjen ved å bruke menykommandoen HjelpDagens tips. Dersom du prøver å gjere eitt eller anna og det ser ut til at GIMP ikkje vil meir, eller oppfører seg på ein uventa måte, kan det verre eit forsøk å lese kapitletAvstressing før du gir heilt opp.

Lykke til med gimpinga di!