Kapittel 3. Det første steget med Wilber

Innholdsfortegnelse

1. Grunnleggjande om bruken av GIMP
2. Hovudvindauge i GIMP
2.1. Verktøykassa
2.2. Biletvindauget
2.3. Dialogar og samlevindauge
3. Angre
3.1. Ting du ikkje kan angra
4. GIMP-kvikkasar
4.1. Målet med øvingane
4.2. Å forandra storleiken (Skalering)
4.3. Gjer jpeg-bilete mindre
4.4. Beskjer biletet
4.5. Å finne biletinformasjon
4.6. Å forandre biletmodus
4.7. Spegelvending
4.8. Å rotere biletet
5. Teikne rette linjer
5.1. Føremålet med leksjonen
5.2. Eksempel

1. Grunnleggjande om bruken av GIMP

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2570 $ 2006-09-17 KoSt

Meininga med dette kapitlet er å gi deg ei rask innføring i grunnlaget for GIMP og den terminologien du treng for at resten av dokumentasjonen skal vere forståeleg for deg. Alt som blir omtala her, kan du finne nærare omtalt andre stader i handboka. Med noen få unnatak, har vi vald å ikkje søle til dette kapitlet med mengdevis av hyperlenker. Det er likevel nokså lett å finne det du måtte ha behov for ved hjelp av innhaldslista.

Bilete

Alt i GIMP dreier seg om bilete. Eit bilete vil alltid samsvara med ei bestemt fil, for eksempel ei TIFF- eller JPEG-fil. Du kan også sjå på eit bilete som direkte tilhøyrande eit bestemt visingsvindauge, men dette er ikkje heilt rett fordi det er mogleg å ha same biletet i fleire vindauge. Det er derimot ikkje mogleg å vise fleire bilete i same vindauget eller at eit bilete ikkje har noe vindauge i det heile.

Eit GIMP-bilete kan vere nokså komplisert. I staden for å samanlikna med eit bilete på eit papirark, er det kanskje betre å førestella deg GIMP-biletet som ei bunke med meir eller mindre gjennomsiktige ark. Desse arka blir i GIMP og andre liknande program kalla “lag”. I tillegg til desse laga kan eit GIMP-biletet også innehalde opplysningar om utvalsmasker, kanalar og banar. Når GIMP i tillegg til alt dette også har ein mekanisme for å leggje til vilkårlege data i biletet, såkalla “parasittar”, er kanskje forvirringa total. Fortvil ikkje, det er faktisk enklare i praksis enn det høyres ut til.

I GIMP er det råd å ha mange bilete opne samstundes. Er dei store, kan dette leggja beslag på ei uhorveleg mengde med minne i datamaskinen. Dette ordnar GIMP med eit sofistikert system for minnebehandling som gjer det mogleg å arbeide nokolunde smertefritt til og med med store bilete. Sjølvsagt er det grenser også her, så skal du arbeida med svært store bilete, løner det seg å ha så mykje RAM (arbeidsminne) som det er råd å skaffa seg.

Lag

Dersom du held fast på at eit bilete kan samaliknast med ei papirbunke der kvart lag er eit ark i bunka, kan det enklaste bilete bestå av bare eitt lag, altså tilsvarande eitt papirark. Til vanleg er likevel bileta bygd opp av mange, ofte fleire titals, lag. Laga kan gjerne vere gjennomsiktige, og dei treng heller ikkje dekke heile biletet. Når du ser på eit bilete, kan det såleis godt hende du ikkje bare ser topplaget, men også ei mengd ulike lag eller element frå mange lag.

Kanalar

Kanalane er dei minste einingane i lagstabelen som biletet er byggd opp av, og kan sjåast på som eit ekstra ark i stabelen. Kanalen består av pikslar som kan ha ein verdi frå 0 til 255. Desse verdiane står for “lysverdien” til fargepunktet. Til vanleg blir det brukt ein kanal for kvar av dei tre grunnfargane. Ofte også ein fjerde kanal, alfakanalen, som bestemmer dekkevna til fargepunktet. Den endelege fargen til eit bestemt fargepunkt blir i tilfelle ein kombinasjon av desse fire kanalane.

Utval

Utvalsfunksjonane gjer det mogleg å arbeida på utvalde område av eit bilete. I utgangspunktet er heile biletet markert som eit utval. Dette blir til vanleg vist som ei prikkelinje som flytter seg rundt bilete (dei berømmelege “marsjerande maura”). Har du markert eit mindre område av biletet, vil dei marsjerande maura vise grensa mellom det utvalde partiet og resten av biletet. Denne grensa er eigentleg ikkje ei “alt eller ingenting” grense, men ein gradvis overgang mellom markert og umarkert område. Overgangen er representert med ein fullverdig gråskalakanal der prikkelinja viser konturen ved 50 %-nivået. Du kan likevel visualisera utvalskanalen med alle sine glansfulle detaljar ved å trykka knappen Snarmaske.

Kunsten er å lage utval som inneheld nøyaktig det du har behov for, og ikkje noe anna. Dette er såpass viktig at når du meistrar kunsten å lage gode utval, kan du også rekna deg som ganske avansert brukar av GIMP. Sidan utvala er så nyttige, og viktige, har GIMP fleire måtar å gjere utval på: Ei samling av ulike utvalsverktøy, ein meny med utvalsverktøy, og høve til å bytte til snarmaske-modus. I snarmaskemodus kan du handtere utvalskanalen på same måte som ein fargekanal, og såleis endåtil “teikne i utvalet”.

Angre

Når du gjer feil, kan du til vanleg angre dei, det vil seia at du kan føre biletet tilbake til slik det var før du gjorde feilen. Nesten alt du gjer med eit bilete kan angrast. Du kan til og med, til vanleg, angre bakover i fleire steg. Dette er mogleg fordi GIMP registrerer alt du gjer med biletet i ein eigen angrelogg. Denne angreloggen bruker minne, så du kan ikkje angra i det uendelege. Noen funksjonar bruker lite minne slik at du kan gjere mange endringar før dei første blir sletta, medan andre bruker opp det som måtte finnast av ledig minne før du eigentleg har fått sukk for deg. Du kan bestemme kor mykje minneplass GIMP skal setje av til angreminnet for kvart bilete, men du bør minst ha såpass mykje at du kan angra dei 2 – 3 siste endringane. (Den viktigaste hendinga som ikkje kan angrast, er å lukke biletet. Dersom du har gjort endringar i biletet, vil du difor alltid få spørsmål om du verkeleg ønskjer å lukke det.)

Programtillegg

Dei fleste tinga du kan gjere med eit bilete blir utført med GIMP sine innegygde applikasjonar. Resten blir utført ved hjelp av dei mange programtillegga (såkalla “plug-ins”) GIMP gjer seg bruk av. Programtillegga er eksterne program som arbeider tett saman med GIMP, og er i stand til å manipulera bilete og andre objekt på mange avanserte måtar. Ein del viktige programtillegg er pakka saman med GIMP og dukkar opp automatisk når du opnar GIMP. Andre kan du skaffa deg på andre måtar, for eksempel ved søk på Internett. Programtillegga, saman med høvet til å lage eigne skript, er faktisk den enklaste måten alle som ikkje er med i utviklingsteamet for GIMP har til å leggje nye funksjonar inn i GIMP. Du kan finne meir om dette i Seksjon 1, “ Programtillegg.

Alle kommandoane i filtermenyen, og mange andre kommandoar i andre menyar, er eigentleg programtillegg. Difor kan du av og til oppleva å få ei blanding av norsk og engelsk i menyane. Ikkje alle programtillegga er omsette eller kan omsetjast til norsk, men dette rettar seg nok med tida.

Skript

Utanom programtillegga, som er småprogram skrivne i programmeringsspråket C, kan GIMP også gjere bruk av skript. Det aller meste av eksisterande skript er laga i eit språk som blir kalla Script-Fu og er spesielt tilpassa for bruk i GIMP. (Script-Fu er ein dialekt av eit Lisp-liknande språk som blir kalla Scheme). Det er også mogleg å skrive skript i Python og Perl. Desse språka er meir fleksible og kraftigare enn Script-Fu. Ulempen er at dei er avhengige av programvare som ikkje automatisk blir levert saman med eller er tilpassa GIMP. Dermed er det fort gjort å gløyme eitt eller anna slik at programtillegget kanskje ikkje arbeider korrekt i alle installasjonar eller versjonar av GIMP.