6.6. Klipp ut

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2007-02-11 KoSt

Kommandoen Klipp ut lagar ein kopi av det aktive utvalet og legg det på utklippstavla. Du kan henta informasjonen tilbake med kommandoane Lim inn, Lim inn i eller Lim inn som ny. Dersom det ikkje er utval, vil heile det aktive laget bli fjerna. Dersom laget har ein alfakanal, vil det utklipte området bli gjennomsiktig. Er laget utan alfakanal, blir det utklipte området fyllt med den gjeldande bakgrunnsfargen.

[Notat] Notat

Klipp ut arbeider bare på det aktive laget. Laga over eller under blir ignorerte.

6.6.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerKlipp ut.

  • eller med snarvegen Ctrl+X.