6.15. Fyll med bakgrunnsfarge

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Fyll med bakgrunnsfarge fyller det aktive laget med den bakgrunnsfargen som blir vis i fargeområdet i verktøykassa. Fargen blir også vist til venstre for postnamnet. Dersom enkelte område av biletet bare er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vil desse bli fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.

[Notat] Notat

Dersom biletet ikkje har utval, vil heile laget bli fylt.

6.15.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerFyll med bakgrunnsfarge.

  • eller med snarvegen Ctrl+.

[Notat] Notat

Du kan også fylle eit område ved å klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa.