6.14. Fyll med forgrunnsfarge

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Fyll med forgrunnsfarge fyller det aktive laget med den forgrunnsfargen som blir vis i fargeområdet i verktøykassa. Fargen blir også vist til venstre for postnamnet. Dersom enkelte område av biletet bare er delvis utvalde, t.d. som eit resultat av mjuke kantar, vil desse bli fylt delvis i høve til kor mykje dei er utvalde.

[Notat] Notat

Dersom biletet ikkje har noe utval, vil heile laget bli fylt.

6.14.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerFyll med forgrunnsfarge.

  • eller med snarvegen Ctrl+,

[Notat] Notat

Du kan også fylle eit område ved å klikke og dra farge frå fargeområdet i verktøykassa.