5.4. Opna nyleg brukte

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2465 $ 2007-12-09 KoSt

Dialogen Opna ei adresse gir deg høve til å laste ned eit bilete, dersom GIMP kjenner formatet, frå ei nettverksadresse (URI), frå ein bane på harddisken din eller frå andre datakjelder. Normalt vil utgangspunktet vere /home/<brukarnamn>/ på Linux og C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\Mine dokumenter\Mine bilder\ på Windows. Dette er utgangspunktet for relativ adressering. Du kan også skrive inn absolutte adresser.

5.4.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via FilOpna adresse…

5.4.2. Dialogvindauget

Figur 15.31. Dialogvindauget for “Opna adresse

Dialogvindauget for Opna adresse

Dei vanlegaste måtane å opne bilete på er

file://

å opna biletet frå eit lokalt lagringsmedium

Du kan sløyfe “file://” om du vil og bare skrive inn filnamnet med full relativ eller absolutt stig.

Kva for mappe som er førevald for relative adresser, er avhengig av operativsystemet. I Linux er det til vanleg /home/<username>/, i Windows C:\Documents and Settings\<brukarnamn>\My Documents\My Images\ og /Users/<brukarnamn>/ på Mac OS X.

ftp://

å opna eit bilete frå ein ftp-servar

http://

å laste ned biletet frå ei nettside

[Tips] Tips

Når du er inne på ei nettside, kan du høgreklikke på eit bilete og velje “Kopier bildeadresse” på lokalmenyen som kjem opp. Klikk deretter på “Opna ei adresse” i hovudmenyen for GIMP og lim adressa inn i menyen “Opna adresse”.

Sjølv om denne måten gjer det lett å grabbe biletet frå nettsider: Respekter reglane for opphavsrett! Ikkje alle bilete er til fritt bruk, endå om dei er publiserte på Internett.