5.3. Opna

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2464 $ 2007-02-07 KoSt

Kommandoen Opna opnar eit dialogvindauge slik at du kan lasta inn eksisterande bilete frå harddisken eller eit eksternt lagringsmedium. Du finn meir om dei ulike filformata i Seksjon 1, “ Filer.

5.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå menyen i verktøykassa eller frå biletmenyen via FilOpna

  • Du kan også opna dialogvindauget med snarvegen Ctrl+O.

5.3.2. Bla gjennom filene

Figur 15.30. Dialogen “Opna

Dialogen Opna

  1. Det venstre panelet er delt i to. I den øvre delen finn du ei liste over hovudkatalogane og tilgjengelege lagringsmedia. Du kan ikkje gjere endringar i denne lista. Den nedre delen viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse etter behov. For å legge til eit bokmerke, vel du ein katalog eller ei fil i midtpanelet og trykker på knappen Legg til. Dersom maskinen din er sett opp slik, kan du også bruke Legg til bokmerke i menyen som kjem fram når du høgreklikkar. Du kan fjerne eit bokmerke ved å markera ønskt merke og trykke på knappen Fjern.

  2. Ved å høgreklikka på det midtre panelet får du opp ein undermeny med to val:

    • Legg til som bokmerke: Legg den valde oppføringa til i det venstre panelet.

    • Vis gøymde filer: Ein del filer blir ikkje viste, som t.d. dersom namnet byrjar med eit punktum (Unix/Linux). Vel denne for å vise også desse filene.

    Ved hjelp av kommandoen Ctrl + L kan du opne ei adresse-linje under stiglinja. Når du skriv inn bokstavar på denne linja, vil dei filene som byrjar med dei same bokstavane bli viste i lista. (Kommandoane ovanfor kan verke litt ulikt for ulike maskinoppsett).

  3. Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vil biletet bli vist i vindauget heilt til høgre, saman med opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.

    [Tips] Tips

    Dersom biletet er endra av eit anna program, kan du klikka på vindauget Førehandsvising for å oppdatera det.

  4. Banen for den opna fila blir vist over det midtre panelet. Du kan klikka på knappane for å navigera deg fram i katalogane.

  5. Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype, t.d. avgrense visinga til bare å gjelde bilete.

  6. Den vesle knappen Vel filtype er normalt sett til Funne automatisk. Dette betyr at GIMP bestemmer filtypen automatisk. Til vanleg treng du ikkje bruke denne lista. Bare i heilt sjeldne tilfelle der det er uråd å bestemma filtypen ut frå filendinga og interne fildata kan det hende du må bruke lista og velje filtype manuelt.