4.2. Biletdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2347 $ 2007-03-20 KoSt

Figur 14.60. Biletdialogen

Biletdialogen

Biletdialogen viser ei liste med miniatyrar over alle bileta du har på skjermen. Denne lista er spesiell nyttig når du har mange bilete framme samstundes.

4.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarBilete,

  • frå biletmenyen: DialogarBilete

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneBilete.

4.2.2. Å bruke dialogen

Dersom du har vald “Vis som tabell” i fanedialogen, vil du finne namnet på det valde biletet øvst i dialogen.

Dersom miniatyrane blir viste på listeform, vil det aktive biletet bli utheva. På tabellform blir det sett ei ramme rundt det aktive biletet. Dersom du klikkar på ein av biletnamna, vil dette biletet bli det aktive, dvs. det biletet som knappane i dialogvindauga verkar på. Dobbeltklikkar du på biletnamnet, vil dette biletet bli løfta opp til fremst på skjermen.

Vis som tabell/liste, storleik på miniatyrane

Som i alle dialogar med miniatyrar, kan du via fanemenyen bestemme korleis utlistinga skal sjå ut, og kor store miniatyrane skal vere. Sjå meir om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge.

Knappane

Dersom valet “vis knappane” er aktivisert, vil du nedst i dialogvindauget ha tre knappar som verkar på det aktive biletet. Dei same kommandoane er tilgjengelege i menyen som kjem fram dersom du høgreklikkar på dialogvindauget.

Løft visinga av dette biletet

Løfter det valde biletet til fremst på skjermen. Dersom biletet har ei anna visning, vil denne bli lagt like under originalen. Du kan få det same resultatet ved å bruke valet “løft visinga” i menyen som kjem fram når du høgreklikkar på dialogvindauget.

Opprett ei ny vising for dette biletet

Kopierer biletvindauget (ikkje biletet) for det valde biletet.

Slett biletet

Denne knappen er ikkje aktivisert.