5. Kva er nytt i Gimp?

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2487 $ 2006-09-29 KoSt

Her vil du finne eit oversyn over dei viktigaste nye funksjonane som er introdusert i GIMP 2.2. Den erfarne brukaren av GIMP har kanskje alt gledd, eller irritert, seg over mange av dei mindre endringane som ikkje er nemnde her. Det er også gjort mange endringar innan programmeringa av programtillegg og script-fu, men desse blir ikkje omtalte i denne seksjonen.

Programsamarbeid og standardisering
  • Du kan dra og lime inn bilete frå GIMP til andre program som støttar denne funksjonen. For tida gjeld dette “image/png-format” for Abiword og Kword og kanskje noen fleire. Dessutan “image/xml+svg” for Inkscape. Du kan altså for eksempel lime inn kurver i GIMP frå Inkscape og deretter dra eit utval over til Abiword.

  • Du kan nå bruke alle mønsterformata som blir støtta av GtkPixbuf, inkludert png, jpeg, xbm.

  • GIMP kan nå laste inn fargeovergangar frå SVG-filer og palettar frå ACT- og RIFF-filer.

  • Dra-og-slepp er nå utvida. Du kan nå sleppe filer og URI i eit biletvindauge der dei vil bli opna som nye lag i det eksisterande biletet.

Snarvegsbehandlaren

Du kan nå redigera tastatursnarvegane i eit eige dialogvindauge, i tillegg til den lite kjende dynamiske måten, som har vore der sidan versjon 1.2.

Førehandsvising av programtillegg

Vi har lagt inn eit standard førehandsvisingsprogram for dei som skriv programtillegg. David Odin har integrert dette programmet i alle nåverande filter, så nå inneheld mange fleire filter i GIMP ei førehandsvising som blir oppdatert i sanntid. Dessutan er mange av førehandsvisingane forbetra.

Sanntids førehandsvising av transformeringar

Transformasjonsverktøya (rotér, skalér, forskyv og perspektiv) viser nå førehandsvisinga i sanntid når verktøyet er i “normalmodus”. Tidlegare blei bare ramma vist.

Tilpassa Gnome sine retningslinjer

Det er blitt lagt ned mykje arbeid i å gjere GIMP enklare, særleg for nybyrjaren. Dei fleste dialogane følgjer nå GNOME HIG-tilrådingane (Human Interface Guide = retningslinjer for grensesnitt). I tillegg er mange av dei “Avanserte” innstillingane i dialogane fjerna, gøymde i ei utviding eller rett og slett gjort til standard.

GTK+ 2.4 overføring
  • Menyane bruker nå GtkUIManager for å lage menystrukturen dynamisk frå XML datafiler.

  • Ein heilt ny filveljar blir brukt overalt i GIMP for å opna og lagra filer. Den største fordelen med dette er at du nå kan lage eit sett med “bokmerke” slik at du lettare kan navigere deg fram til mykje brukte filkatalogar og mapper.

  • GIMP støttar nå “Fancy ARGB”-markørar, det vil seie markørar i gråtoner, når systemet har støtte for slike.

Elementær støtte for vektorgrafikk

Ved hjelp av programtillegget GFig kan du nå bruke vektorgrafikk i GIMP. GFig støtter ein del funksjonar i vektorgrafikk, som Fyll med fargeovergang, Bézierkurver og kurveteikning. Vektorgrafikken er også den enklaste måten å laga regulære og irregulære mangekantar i GIMP. I GIMP 2.2 kan du lage GFig-lag og redigera desse i GFig etterpå. Framleis er likevel vektorgrafikken i GIMP nokså primitiv i høve til spesialiserte program for vektorgrafikk som t.d. Inkscape.

Dessutan . . .

Det er mange mindre endringar som er meir eller mindre synlege for brukaren. Her følgjer ei kort opplisting.

  • Du kan nå køyre GIMP i batchmodus utan X-servar.

  • Det finst ei binærutgåve av GIMP som ikkje er kopla til GTK+.

  • Forbetra grensesnitt for inndataeiningar.

  • Du kan nå redigere verktøykassa og velje både kva verktøykassa skal innehalde og korleis ho skal sjå ut. Dette kan vere nyttig t.d. for dei som ønskjer å legge til fargeverktøy i verktøykassa.

  • Histogram med R, G og B oppdeling for verdihistogrammet. Dessutan at utrekninga av histogrammet gjeld for innhaldet i utvalet.

  • Tastesnarvegane er felles for alle vindauga.