Tillegg B. Rapportering av feil og spørsmål om endringar

Innholdsfortegnelse

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil
2. Rapportering av feil
3. Kva skjer med feilmeldinga når ho er sendt?

Trist å måtte innrømma det, men til nå har ingen versjonar av GIMP vore absolutt feilfrie. Det vil nok også vere tilfelle for komande versjonar av GIMP. Trass i alle gode intensjonar, vil det i eit så komplisert program som GIMP alltid dukka opp bruksmåtar eller -kombinasjonar som ingen hadde tenkt på førehand skulle kunne skje. Dette er eit problem alle programutviklarane kjenner godt til — eller i det minste burde kjenne til.

Erkjenninga av at det finst feil, betyr likevel ikkje at feil skal aksepterast. Dersom du finn ein feil i GIMP, vil utviklarane svært gjerne få grei på det, slik at dei i det minste kan gjere forsøk på å utbetra han.

Dersom du oppdagar at GIMP i visse samanhengar oppfører seg unormalt, kan det hende du har dumpa over ein feil med programmet. Kva bør du gjere? Korleis rapportera feilen?

[Tips] Tips

Prosedyren for å senda ønskje om endringar, dvs. spørsmål til utviklarane om å leggje til eit manglande bruksområde, er nesten den same som når du rapporterar feil. Einaste skilnaden er merkinga av skjemaet. Sjå nedføre.

Tilliks med mange andre frie programvareprosjekt, bruker også GIMP feilrapporteringssystemet Bugzilla. Dette er eit svært kraftig, internettbasert system som er i stand til å behandle tusenvis av feilrapportar utan å miste oversynet. GIMP deler faktisk database med heile Gnome-prosjektet. Når dette blir skrive inneheld databasen 148632 feilrapportar — nei, nå har det endra seg til 148633.

1. Forsikra deg om at det verkeleg er ein feil

Før du planlegg å rapportera ein feil, må du forsikre deg om at det verkeleg er ein feil. Det er vanskeleg å setje opp ein plan for korleis du kan kontrollere om du har oppdaga ein verkeleg feil. Ofte vil det vere til stor hjelp å lese dokumentasjonen. Det kan kanskje vere lurt å diskutera problemet på IRC eller andre postlister. Dersom du opplever eit skikkeleg krasj, er sjansen for at det er ein reell feil nokså stor. (Dette i motsetnad til når GIMP oppfører seg uventa). Velskrive programvare er utforma slik at dei ikkje skal kunne krasje, same kva som skjer. Har du gjort seriøse forsøk på å finna ut om det verkeleg er ein feil i GIMP som er årsaka til krasjet, men framleis er usikker på årsaka, er det betre å rapportera feilen enn å la det vere. Det verste som kan skje er at du har kasta bort tida til utviklingsteamet.

[Notat] Notat

Det er faktisk noen få kjende ting som kan få GIMP til å krasje, men som det ikkje er bryet verd å gjere noe med. Ein av dei er å be GIMP om å gjere noe som krev uhorvelege mengder minneplass, som for eksempel å lage eit bilete med ein million biletpunkt i kvart lag.

Du bør også forsikre deg om at du brukar ein oppdatert versjon av GIMP. Å rapportera feil som alt er retta er å sløse med tida for alle. (GIMP 1 blir ikkje støtta. Finn du feil i GIMP 1 må du anten oppgrade til GIMP 2 eller leve med feilen.) Spesielt dersom du bruker utviklingsversjonar av GIMP, er det viktig at du finn feilen også i den siste versjonen før du sender inn ein rapport.

Dersom du framleis meiner du har ein legitim feilrapport å levere frå deg, er det neste steget å gå til GIMP sine spørsmålssider hos bugzilla (http://bugzilla.gnome.org/query.cgi) for å finne ut om andre har funne den same feilen. Spørsmålssidene gir deg høve til å søke etter feilen på fleire ulike måtar. Uheldigvis er denne sida litt meir komplisert enn ho treng vere. I tillegg er ho på engelsk.

Her er kva du bør gjere:

Figur B.1. Bugzilla page Bugzilla-sida for innrapportering av feil

Bugzilla page Bugzilla-sida for innrapportering av feil

For noen av vala er det lagt inn lenker til meir detaljert hjelp for utfyllinga.

Beskrivinga nedanfor treng ikkje stemme heilt med biletet vist ovanfor. Ting er i endring. Det burde likevelikkje vere uråd å finne fram til korrekt rapportering.

Summary (Samandrag):

Sett denne til “contains any of the words/strings

(det tilhøyrande innskrivingsområdet)

Summér feilen i eitt eller noen få (engelske) ord som fortel kva feilen går ut på. For eksempel, dersom mykje zooming fører til krasj, skriv du ordet “zoom”.

Product (Produkt):

Sett dette til “GIMP”.

Component (komponent):, Version (versjon):, Target (plattform):

Ikkje skriv noe her.

Text information: (tekstinformasjon)

Ikkje skriv noe her foreløpig. Dersom søket ditt er mislukka, kan du prøve med å skrive søkeorda dine i merknadsfeltet (“comment”). Dette fører som regel til at du anten får ein heil bråte treff, eller ingenting.

Status:

Dette feltet viser status for feilrapporten. Sidan du ønskjer å sjå alle feilrapportane, uavhengig av status osv, sveiper du over alle felta med venstre museknappen nede.

Nå kan du endeleg klikke på ein av “Search”-knappane, begge gjer det same. Vonleg får du nå opp ei passeleg lang liste over aktuelle feil. Får du meldinga “Zarro boogs found”, betyr dette at systemet fann ingen feilrapportar. Du bør då prøve eit nytt søk med litt andre søkeord. Får du ingen treff nå heller, sender du fila som ein feilrapport. Fortvil ikkje om du får opp meldinga om at fila di er eit “Duplicat” (kopi). Dette skjer stadig vekk for forfattaren, som arbeider med GIMP Bugzilla nesten kvar dag.