10.39. Legg til i utvalet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Legg til i utvalet lagar eit utval frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Det nye utvalet blir lagt til det eksisterande utvalet. Alfakanalen blir ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noe liknande, men i staden for å legge dei to utvala saman, bytter dei anten ut det gjeldande utvalet med det nye, trekker det nye utvalet frå det eksisterande, eller lagar eit nytt utval som er eit snitt av begge.

10.39.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til i utvalet.

10.39.2. Eksempel

Figur 15.123. Bruk av “Legg til i utvalet

Bruk av Legg til i utvalet
Bruk av Legg til i utvalet

Den eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.