10.38. Alfa til utval

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2008-03-23 kost

Kommandoen Alfa til utval lagar eit utval av alfakanalen. Alfakanalen inneheld verdiane for gjennomsikt, i det aktive laget. Ugjennomsiktige område blir fullstendig utvalde, gjennomsiktige område blir ikkje utvalde i det heile, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis utvalde. Det nye utvalet erstattar det eksisterande utvalet. Alfakanalen blir ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noe liknande, men i staden for å erstatte det eksisterande utvalet med det nye, legg dei anten saman dei to utvala, trekker det nye utvalet frå det gjeldande eller lagar eit nytt utval som er eit snitt av begge.

10.38.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktAlfa til utval

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.38.2. Eksempel

Figur 15.122. Bruk av “Alfa til utval

Bruk av Alfa til utval
Bruk av Alfa til utval

Det eksisterande rektangulære utvalet er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.