11.7. Jamn ut

Kommandoen Jamn ut justerer automatisk lysverdien for fargane i det aktive laget slik at histogrammet for verdiar blir så flatt som mogleg. Eller med andre ord, at lysverdiane blir fordelte jamnast mogleg med like mykje på kvar piksel. Du kan sjå dette på eksemplet nedanfor ved at pikselfargar som det er mykje av i biletet er strekte meir enn fargar som det er lite av. Resultatet av kommandoen er sterkt avhengig av originalen. Av og til er “Jamn ut” ypparleg til å forbetra kontrasten i biletet og til å henta ut detaljar som var vanskelege å få auge på før operasjonen. Andre gonger blir resultatet heilt elendig. Kommandoen er likevel verd eit forsøk. Verkar han ikkje slik du ønskjer det, er det bare å angra heile greia. “Jamn ut” verkar på lag frå RGB- og gråskalabilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.

11.7.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via FargarAutoJamn ut

  • eller med snarvegen Shift+Page Down.

11.7.2. Eksempel på bruk av “Jamn ut lag

Figur 15.139. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av “Jamn ut”.


Figur 15.140. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av “Jamn ut”.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.