11.8. Kvitbalanse

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2419 $ 2007-11-17 KoSt

Kommandoen Kvitbalanse justerer automatisk fargane i det aktive laget ved å strekke ut kanalane for raud, grøn og blå kvar for seg. Dette blir gjort ved at fargar som blir brukte av mindre enn 0,05 % av pikslane i laget blir fjerna frå kvar ende av kvart av histogramma for raud, grøn og blå. Dei resterande pikslane blir best mogleg fordelte i det ledige området. Resultatet blir at fargar som bare finst i små mengder i ytterpunkta av histogramma (dette er kanskje støvflekkar o.l.) ikkje har noen negativ påverknad på maksimums- og minimumsverdiane som bli brukte for å strekke histogrammet. På same måten som for Strekk kontrast, kan du oppleva kulørskifte i det ferdige biletet. “Kvitbalanse” verkar på lag frå RGB- og gråskalabilete. Er biletet indeksert, er kommandoen uverksam.

11.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via FargarAutoKvitbalanse

11.8.2. Eksempel på bruk av “Kvitbalanse

Figur 15.141. Originalbiletet

Originalbiletet

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå før bruk av “Kvitbalanse”.


Figur 15.142. Biletet etter bruk av filteret

Biletet etter bruk av filteret

Det aktive laget og histogrammet for raud, grøn og blå etter bruk av “Kvitbalanse”.

Strekkinga av histogrammet lagar opningar mellom kolonnene. Difor stripene.