5.5. Dialogvindauget for “prøvepunkt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2474 $ 2008-03-11 kost

Medan fargeplukkaren kan vise fargeinformasjon om ein piksel, kan dialogen for “prøvepunkta” vise informasjon om opp til fire ulike pikslar i det aktive laget samstundes.

5.5.1. Aktivering

Dialogvindauget “prøvepunkt” kan limast inn i andre dialogvindauge eller i samlevindauge. Sjå meir om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du har tilgang til dialogvindauget på to måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarPrøvepunkt

  • eller frå biletmenyen via DialogarPrøvepunkt.

5.5.2. Å bruke prøvepunkt

Du får fram prøvepunkta ved å Ctrl-klikke på ein av dei to linjalane i biletvindauget og dra musepeikaren inn i biletet. Det vil då kome fram to hjelpelinjer som står vinkelrett på kvarandre med prøvepunktet i kryssingspunktet. Koordinata for punktet blir vist nede i venstre hjørne og i meldingsområdet for biletvindauget. Slepp museknappen før du slepp Ctrl-knappen.

Normalt vil prøvepunktet vere markert med ein liten sirkel og eit tal som viser kva nummer punktet har. Du kan slå denne visinga av ved å klikke på Vis prøvepunkt i menyen Vis. menu.

I prinsippet skal dialogen “Prøvepunkt” opna seg automatisk når du oppretter eit prøvepunkt. Dersom dette ikkje er tilfelle, må du opna den manuelt som vist ovanfor.

Du fjerner eit prøvepunkt på same måten som du fjerner hjelpelinjer, ved å klikke-og-dra det ut til ein av linjalane i kanten av biletvindauget. Rekkefølgja og nummereringa av punkta blir ordna automatisk.

Figur 14.73. Menyen “Prøvepunkt

Menyen Prøvepunkt

5.5.3. Beskriving av dialogen “Prøvepunkt

Figur 14.74. Prøvepunktdialogen

Prøvepunktdialogen

Dette vindauget viser informasjon om opp til fire prøvepunkt samstundes. Du kan opprette fleir enn fire punkt, men desse blir ikkje viste i dialogvindauget før du eventuelt slettar noen av dei viste punkta. (I figuren over er data for den same fargen vist i ulike fargemodellar).

Fargen for prøvepunktet blir vist i ei rute.

I nedtrekkslista kan du velje mellom:

Piksel

Dette valet viser verdiane for raud, grøn, blå og alfa som tal frå 0 til 255.

RGB

Dette valet viser verdiane for raud, grøn, blå og alfa i prosent. Det viser også pikselfargen i hexadesimal (HTML) notasjon.

HSV

Dette valet viser kulør, metning, lysverdi og alfa i prosent.

CMYK

Dette valet viser verdiane for cyanblå, magentaraud, gul, svart og alfa i prosent.

Data blir viste for kvar kanal i den valde fargemodellen. Alfakanalen er synleg bare dersom biletet har alfakanal.