5.6. Peikardialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2491 $ 2007-11-24 kost

Figur 14.75. Peikardialogen

Peikardialogen

I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det blir peika på.

5.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarPeikar

  • frå biletmenyen: DialogarPeikar

5.6.2. Innstillingane for dialogen “Peikar

Som i alle andre dialogar som inneheld førehandsvising, kan du kontrollera førehandsvisinga i fanemenyen. Sjå meir om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge.

  • Pikslar: Viser posisjonen til pikselen det blir peika på i x-koordinat (horisontalt) og y-koordinat (vertikalt) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).

  • Einingar: Viser koordinata i tommar.

  • Venstre nedtrekksliste: Viser normalt “Pikslar” og viser verdiane for RGB-kanal, men du kan velje andre fargemoddellar.

  • VHøgre nedtrekksliste: Viser normalt RGB som prosentverdiar. Du kan velje andre fargemodellar. “Hex” er fargeverdien i HTML-notasjon, dvs. i hexadesimal form.

  • Flett synlege: Denne er normalt avmerka, og viser totalverdiane for alle synlege pikslar i punktet. Dersom denne ikkje er avmerka, vil bare pikselen i det aktive laget bli registrert.