Innfagingsverktøyet omformar det aktive laget eller det aktive utvalet slik at det kan minne om eit svart/kvitt-bilete sett gjennom farga glas. Biletet blir først omforma til gråtoner som deretter blir gjort om til sjatteringar i ønskt farge. Du kan for eksempel bruke dette til å lage ein “sefiaeffekt” i biletet. Innstillingane følgjer HSV-fargemodellen
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ ,frå biletmenyen via
→ →eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).
Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje kuløren frå HSV-fargesirkelen (0 - 360). Normalinnstillinga er sett til 180.
Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje metning på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 50.
Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du velje lysverdi på ein skala frå 0 til 100. Normalinnstillinga er sett til 0.
Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.