5.2. Kulør og metning

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-03-01 kost

Verktøyet for kulør og metning blir brukt for å justera nivåa for kulør, metning og lysstyrke i det aktive utvalet eller det aktive laget.

5.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via FargarKulør og metning,

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaKulør og metning

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).

5.2.2. Verktøyinnstillingane

Figur 13.119. Dialogvindauget for “kulør og metning

Dialogvindauget for kulør og metning

Vel primærfarge som skal endrast

Du kan velje å gjere endringane på seks ulike fargar, dei tre primærfargane raud (R), grøn (G) og blå (B), og dei tre komplimentærfargane cyan (C), magenta (M)og gul (Y). Fargane er sett opp etter fargesirkelen. Aukande kulør flytter seg med klokka på fargesirkelen. Klikkar du på knappen Alle, vil alle fargane bli påverka av endringane. Legg merke til at desse fargane er fargane i fargemodellane, ikkje i fargekanalane.

Fargane blir viste i fargeboksane, og på biletet dersom du har aktivert førehandsvisinga.

Endre vald farge
  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma kuløren i området frå -180 til +180, dvs. heile fargesirkelen.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma lysverdien i eit område frå -100 til +100.

    [Notat] Notat

    Sidan dette verktøyet arbeider på fargeområdet, vil endringane i lysverdien påverka fargeområdet. Endrar du lysverdien for gul, vil alle gule pikslar bli forandra. Dette til skilnad frå kurve- og nivåverktøya, som arbeider på fargekanalane, noe som resulterer i at her vil bare dei mørke, mellomtone eller lyse pikslane blil forandra.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma fargemetninga i eit området frå -100 til +100.

Knappen Tilbakestill blir brukt dersom du angrar endringane og ønskjer å stille fargen/fargane tilbake til utgangspunktet.

Førehandsvis

Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.